IMSINH-funksjonen
Returnerer hyperbolsk sinus til eit komplekst tal. Hyperbolsk inus til eit komplekst tal kan uttrykkast med:
sinh(a+bi)=sinh(a)cos(b)+cosh(a)sin(b)i
IMSINH(Komplekst_tal)
Komplekst_tal er eit komplekst tal som hyperbolsk sinus treng å reknast ut for.
=IMSINH("4-3i")
returnerer -27,0168132580039 - 3,85373803791938i.
=IMSINH(2)
returnerer 3,62686040784702 som ein streng. Den imaginære delen er lik null, så denne vert ikkje vist i resultatet