IMCOT-funksjonen

Returnerer cotangens til eit komplek tal. Cotangens til eit komplekst tal kan uttrykkast slik:

cot(a+bi)=cos(a+bi)/sin(a+bi)

Resultatet vert vist i strengformat med teikna «i» eller «j» som ei imaginær eining.

Merknadsikon

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Syntaks

IMCOST(Komplekst_tal)

Komplekst_tal er eit komplekst tal som det skal reknast ut cotangens for.

Merknadsikon

Eit komplekst tal er eit strenguttrykk på forma «a + bi» eller «a + bj» der a og b er tal.
Viss komplekst tal er eit reelt tal (b=0), kan det vera anten eit strenguttrykk eller ein talverdi.


Åtvaringsikon

Funksjonen returnerer alltid ein streng med eit komplekst tal.
Dersom resultatet er eit komplekst tal der ein av delane (a eller b) er lik null, vert den delen ikkje vist.


Eksempel

=IMCOT("4-3i")
returnerer 0,.00490118239430447 + 0,999266927805902i.

=IMCOT(2)
returnerer -0,457657554360286 som ein streng. Den imaginære delen er lik null, så denne vert ikkje vist i resultatet

Opna fil med eksempel: