MÅNADSSLUTT

Returnerer datoen for den siste dagen i ein månad som fell «Månadar» før eller etter «Startdato».

Syntaks

MÅNADSSLUTT(Startdato; Månadar)

Startdato er ein dato (startpunkt for kalkuleringa).

Månadar er talet på månadar før (negative) eller etter (positive) startdatoen.

Eksempel

Kva er den siste dagen i månaden som kjem 6 månadar etter 14. September 2001?

=MÅNADSSLUTT(DATO(2001;9;14);6) returnerer talet 37346. Formatert som dato er det 31.03.2002.

=SLUT.PÅ.MÅNED("2001-09-14";6) fungerer også. Dersom datoen er sett inn som ein streng, må den vere i ISO-format.