DAGAR360

Returnerer skilnaden mellom to datoar ut frå eit 360-dagars år, slik det vart gjort i renteutrekningar.

Syntaks

DAGAR360("Dato1"; "Dato2"; Type)

Dersom Dato2 er før Dato1 vil funksjonen returnera eit negativt tal.

Det valfrie argumentet Type bestemmer typen av skilnadsutrekninga. Dersom Type = 0 eller dersom argumentet manglar, vert US-metoden (NASD, National Association af Securities Dealers) brukt. Dersom Type <> 0, vert den europeiske metoden bruk.

Eksempel

=DAGAR360("2000-01-01";NO()) returnerer talet på rentedagar frå 1. januar 2000 til i dag.