DAG

Gjev den dagen som svarar til ein gjeven datoverdi. Gjev dagen som eit heiltal mellom 1 og 31. Du kan òg oppgje ein negativ dato- eller klokkeslettverdi.

Syntaks

DAG(Tal)

Tal, som ein tidsverdi, er eit desimaltal som dagen skal returnerast for.

Eksempel

DAG(1) returnerer 31 (sidan LibreOffice byrjar teljinga frå null den 30. desember 1899).

DAG(NO()) returnerer dagen i dag.

=DAG(C4) returnerer 5 viss innhaldet av C4 = 5/8/1901 (resultatet kan verta formatert annleis etter at du trykkjer Enter).