DATOVERDI

Gjev det interne datonummeret til teksten i hermeteikn.

Det interne datotalet vert returnert som eit tal. Dette talet vert bestemt av det datosystemet som LibreOffice bruker for å rekna ut datoar.

Dersom tekststrengen også inneheld ein tidsverdi, vil DATOVERDI returnera berre heiltalsverdien av konverteringa.

Syntaks

DATOVERDI("Tekst")

Tekst er eit gyldig datouttrykk og må skrivast inn mellom doble hermeteikn (").

Eksempel

=DATOVERDI("1954-07-20") gjev 19925.