DATODIFF

Denne funksjonen returnerer talet på heile dagar, månadar eller år mellom startdatoen og sluttdatoen.

Syntaks

DATODIFF(Startdato; Sluttdato; Intervall)

Startdato er datoen som er utgangspunktet for utrekninga.

Sluttdato er siste datoen i utrekninga. Sluttdatoen må vere seinare enn startdatoen, elles får du ei feilmelding.

Intervall er ein tekstverdi. Aksepterte verdiar er (med hermeteikna) "d", "m", "y", "ym", "md" og "yd".

Verdi for «Intervall»

Returverdi

"d"

Talet på heile dagar mellom start- og sluttdatoen.

"m"

Talet på heile månadar mellom start- og sluttdatoen.

"y"

Talet på heile år mellom start- og sluttdatoen.

"ym"

Talet på heile månadar som vert igjen når månadane i dei heile åra er trekte frå skilnaden mellom start- og sluttdatoen.

"md"

Talet på heile dagar som vert igjen når åra og månadane i dei heile åra og månadane er trekte frå skilnaden mellom start- og sluttdatoen.

"yd"

Talet på heile dagar som vert igjen når dei heile åra er trekte frå skilnaden mellom start- og sluttdatoen.


Eksempel

Utrekning av fødselsdag. Ein person er født 17.4.1974. I dag er det 13.6.2012.

=DATODIFF("17.4.1974";"13.6.2012";"y") gjev 38. =DATODIFF("17.4.1974";"13.6.2012";"ym") gjev 1. =DATODIFF("17.4.1974";"13.6.2012";"md") gjev 27. Så han er 38 år, 1 månad og 27 dagar gammal.

=DATODIFF("17.4.1974";"13.6.2012";"m")gjev 457, han har levd i 457 månadar.

=DATODIF("17.4.1974";"13.6.2012";"d") gjev 13937, han har levd i 13937 dagar.

=DATODIF("17.4.1974";"13.6.2012";"yd") gjev 57, han hadde fødselsdag for 57 dagar sidan.