DATO

Denne funksjonen reknar ut ein dato skrive som år, månad, dag og viser resultatet slik cella er formatert. Standardformatet for ei celle som inneheld DATO-funksjonen er datoformatet, men du kan formatera cella med kva talformat som helst.

Syntaks

DATO(År; Månad; Dag)

År er eit heiltal mellom 1583 og 9957 eller mellom 0 og 99.

I - LibreOffice - Generelt kan du velje frå kva år eit tosifra tal skal verta oppfatta som 20xx.

Månad er eit heiltal som viser månaden.

Dag er eit heiltal som indikerer dagen i månaden.

Dersom verdiane for månad og dag er for store, vert dei førte over til neste siffer. Dersom du skriv inn =DATO(00;12;31) vert resultatet 31.12.2000. Skriv du i staden inn =DATO(00;13;31) vert resultatet 31.1.2001.

Eksempel

DATO(00;1;31) gjev 1/31/00 viss formateringsinnstillinga er MM/DD/YY.