GJENNOMSNITT.VISS.SETT-funksjonen
Returnerer det aritmetiske gjennomsnittet av eit område som oppfyller fleire kriteria. Funksjonen GJENNOMSNITT.VISS.SETT legg saman alle resultata som oppfyller den logiske testen og dividerer denne summen med talet på merkte verdiar.
Syntaks
GJENNOMSNITT.VISS.SETT(Funksjons_område; Område1; Kriterium1 [ ; Område2; Kriterium2 [;...]]))
Funksjonsområde – nødvendig argument. Dette kan vera eit celleområde, namnet på eit namngjeve område eller etiketten på ei rad eller ein kolonne som inneheld verdiar som vert brukte for å rekna ut gjennomsnittet.
Enkel bruk
=GJENNOMSNITT.VISS.SETT(B2:B6;B2:B6;">=20")
Reknar ut gjennomsnittet for verdiane i område B2:B6 som er større enn eller lik 20. Returnerer 25 fordi den femte rada ikkje oppfyller kriteriet.
=GJENNOMSNITT.VISS.SETT(C2:C6;B2:B6;">=20";C2:C6;">70")
Reknar ut gjennomsnittet for verdiane i område C2:C6 som er større enn 70 og som tilsvarer cellene i B2:B6 med verdiar større enn eller lik 20. Returnerer 137,5 fordi den andre og femte rada ikkje oppfyller minst eitt av kriteria.
Bruka regulære uttrykk og nøsta funksjonar
=GJENNOMSNITT.VISS.SETT(C2:C6;B2:B6;">"&MIN(B2:B6);B2:B6;"<"&MAKS(B2:B6))
Reknar ut gjennomsnittet for verdiane i område C2:C6 som svarar til alle verdiane i område B2:B6 unntatt den største og minste verdien. Returnerer 127,5 fordi den tredje og fjerde rada ikkje oppfyller minst eitt av kriteria.
=GJENNOMSNITT.VISS.SETT(C2:C6;A2:A6;"pen.*";B2:B6;"<"&MAKS(B2:B6))
Reknar ut gjennomsnittet for verdiane i område C2:C6 som svarar til alle verdiane i område A2:A6 som byrjar med «pen» og for alle cellene i området B2:B6 unntatt maksimum. Returnerer 65 fordi berre den andre rada oppfyller alle kriteria.
Referanse til ei celle som kriterium
Dersom du ønskjer å lett kunna endra eit kriterium, kan du skrive dette inn i ei eige celle og bruke ein referanse til denne cella som kriterium i funksjonen GJENNOMSNITT.VISS.SETT. For eksempel kan funksjonen ovanfor skrivast slik:
=GJENNOMSNITT.VISS.SETT(C2:C6;A2:A6;E2&".*";B2:B6;"<"&MAKS(B2:B6))
Viss E2 = pen vil funksjonen returnere 65 fordi lenkja til cella er bytt ut med innhaldet.