Dataskjema for rekneark

Dataskjema er eit hjelpemiddel for å gjere innsetjinga av tabelldata enklare i rekneark. Med dataskjema kan du skriva inn, redigera og sletta postar (eller rader) og unngå vassrett rulling når tabellen har mange kolonnar eller kolonnane er ekstra breie.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Data → Skjema.


Klargjering av dataskjemaet

For å vera effektiv, må datatabellen ha ei overskriftrad der kvar celle er overskrifta for ei kolonne. Desse cellene vert brukte som overskrifter for datafelta i skjemaet.

Aktivere skjemaet

  1. Set markøren på overskriftrada i tabellen.

  2. Vel Data → Skjema ….

Fylle skjemaet med data

Skriv inn dataane i teksfelta. Trykk Enter eller trykk på Ny for å leggja dei til i tabellen.

Knappane for skjemaredigering

Ny: Fyller posten (cellene i tabellradene) med innhaldet i skjemafelta og gå til neste post eller legg til ein ny post nedst i tabellen.

Slett: Slettar den gjeldande posten.

Gjenopprett: Ved redigering av eit skjemafelt: gjenoprett innhaldet til det opphavlege innhaldet.

Førre post: Flytt til den førre posten (tabellrada).

Neste post: Flytt til den neste posten (tabellrada).

Lukk: Lukk skjemaet.

Dialogboksen for skjema og overskriftsceller som feltoverskrifter

Tipsikon

Bruk tastane Tabulator og Shift - Tabulator for å byte mellom tekstboksane i dialogvindauget for dataskjema.


Tipsikon

Du kan også bruke rullefeltet for å veksla mellom tekstfelta.


Opna dialogvindauget for skjema på nytt

Du kan opna dialogvindauget for dataskjema på nytt ved å setja markøren over overskriftsrada og opna skjemaet. Den viste posten i dataskjemaet er den første posten. Flytt til den siste posten før du skriv inn nye data, elles vert den gjeldande posten redigert.