Feilmelding

Lag ei feilmelding som skal visast når det vert skrive inn ugyldige verdiar i ei celle.

Du kan også byrja ein makro med ei feilmelding. Eit eksempel på ein slik makro er vist sist på denne sida.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Data → Validitet → Feilmelding


Vis feilmelding når ugyldige verdiar vert skrivne inn.

Viser feilmeldinga du skreiv inn i Innhald når ugyldige data vert skrive inn i ei celle. Om du ikkje har merkt av, vert meldinga vist for å hindra ei ugyldig oppføring.

I begge tilfelle gjeld det at viss du vel «Stopp», vert det ugyldige elementet sletta og den førre verdien vert sett inn på nytt i cella. Det same gjeld viss du lukker dialogvindauga «Åtvaring» og «Informasjon» ved å trykkja på Avbryt-knappen. Viss du lukker dialogvindauga med knappen OK, vert ikkje det ugyldige elementet sletta.

Innhald

Handling

Marker handlinga som du ønskjer skal utførast når ugyldige data vert skrivne inn i ei celle. «Stopp»-handlinga avviser det ugyldige elementet og viser eit dialogvindauge som du er nøydd til å lukka ved å klikka OK. «Åtvaring» og «Informasjon»-handlingane viser eit dialogvindauge som kan lukkast ved å klikka på OK eller Avbryt. Det ugyldige elementet vert avvist berre når du trykkjer Avbryt.

Bla gjennom

Opnar dialogvindauget for makroar, der du kan velja ein makro som skal køyrast når ugyldige verdiar vert skrive inn i ei celle. Makroen skal køyrast etter at feilmeldinga er vist.

Tittel

Skriv inn tittelen på makroen eller feilmeldinga som skal visast når ugyldige data vert skrive inn i ei celle.

Feilmelding

Skriv inn meldinga som skal visast når ugyldige verdiar vert skrivne inn i ei celle.

Eksempelmakro:

Function ExampleValidity(CellValue as String, TableCell as String)
Dim msg as string
msg = "Invalid value: " & "'" & CellValue & "'"
msg = msg & " in table: " & "'" & TableCell & "'"
MsgBox msg ,16,"Error message"
End Function