Filter

Set filtreringsinnstillingane for dataa.

Filterkriterium

Du kan definera eit standardfilter for dataa ved for eksempel å filtrera feltnamn med ein kombinasjon av argument med logiske uttrykk.

Operator

Vel ein logisk operator for filteret.

Feltnamn

Merk feltet filteret skal brukast på. Dersom feltnamna ikkje er tilgjengelege, vert kolonneoverskriftene brukt.

Vilkår

Vel ein operator som Feltnamn og Verdi skal samanliknast med.

Desse operatorane er tilgjengelege:

Vilkår:

=

Lik

<

Mindre enn

>

Større enn

<=

Mindre enn eller lik

>=

Større enn eller lik

<>

Er ikkje lik


Verdi

Vel verdien du vil samanlikna det merkte feltet med.

Innstillingar

Viser eller gøymer tilleggsvala for filtrering.