Pivottabell
Vel utforminga for tabellen som er generert av pivottabellen.
Pivottabellen viser datafelta som knappar som du kan dra og sleppe for å definere pivottabellen.
Oppsett
Du vel utforming av ein pivottabell ved å dra og sleppa datafelt-knappar til områda sidefelt, radfelt, kolonnefelt og datafelt. Du kan òg bruka dra og slepp for å omorganisera datafelta i ein pivottabell.
LibreOffice legg automatisk til etikettar på knappar som vert dregne inn i området Datafelt. Etiketten inneheld namnet på datafeltet og formelen som dataa vart laga med.
For å endra funksjonen som vert brukt av eit datafelt, dobbeltklikk på ein knapp i området Datafelt for å opna dialogvindauget Datafelt. Du kan også dobbeltklikka på knappane i områda Radfelt og Kolonnefelt.
Fleire
Viser eller gøymer ekstraval for oppsett av pivottabellen.
Resultat
Viser innstillingane for vising av resultata for pivottabellen.
Markering frå
Merk det området som inneheld data for den gjeldande pivottabellen.
Resultat til
Marker området som du vil visa resultata frå pivottabellen i.
Dersom det valde området inneheld data, vil pivottabellen overskriva desse. For å unngå å miste data, kan du la pivottabellen automatisk velja området som dataa skal visast i.
Ignorer tomme rader
Ignorerer tomme felt i datakjelda.
Identifiser kategoriar
Tildeler automatisk rader utan etikettar til kategorien for rada over.
Hovudtotal for kolonnar
Reknar ut og viser det totale av kolonneutrekninga.
Hovudtotal for rader
Reknar ut og viser det totale av radutrekninga.
Legg til filter
Legg til ein filterknapp i pivottabellar som er baserte på data frå rekneark.
Opnar dialogvindauget for filter.
Aktivere tilgang til detaljar
Merk av i denne avkryssingsboksen og dobbeltklikk på eit element i tabellen for å visa eller gøyma detaljar for elementet. Ta bort avmerkinga og dobbeltklikk på ei celle i tabellen for å redigera innhaldet.
For å sjå på detaljar i pivottabellen.
Gjer éin av desse:
-
Merk eit celleområde og vel Data → Gruppe og Disponer → Vis detaljar.
-
Dobbeltklikk på eit felt i tabellen.
Dersom du dobbeltklikkar på eit felt som har tilliggjande felt på same nivå, vert dialogvindauget Vis detaljar opna.
Vis detalj
Vel feltet du vil sjå detaljar om.