Gruppe og disposisjon

Du kan laga ein disposisjon for dataa dine og gruppere rader og kolonnar slik at du med eit enkelt klikk kan visa og gøyma gruppene.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Data → Grupper og disponer


Gøym detaljar

Gøymer detaljane til grupperte rader eller kolonnar som inneheld skrivemerket. Vel den merkte tabellen og så denne kommandoen for å gøyma alle dei grupperte radene eller kolonnane.

Vis detaljar

Viser detaljane til grupperte rader eller kolonnar som inneheld skrivemerket. Vel den merkte tabellen og så denne kommandoen for å visa alle dei grupperte radene eller kolonnane.

Grupper

Slår saman cellene i det merkte celleområdet til ei gruppe av rader eller kolonnar.

Løys opp gruppe

Løyser opp grupperinga i utvalet. Den siste rada eller kolonnen som vart lagt til vert fjerna i ei nøsta gruppe.

Autodisposisjon

Dersom det markerte celleområdet inneheld formlar eller referansar, vil LibreOffice utheva desse automatisk.

Fjern

Slettar kantlinjene frå det valde celleområdet.