Autoinnskriving

Slår på eller av funksjonen «autoinntasting». Autoinntasting fullfører automatisk ord basert på andre ord i same kolonne. Funksjonen leitar gjennom kolonnen opp til 2000 celler eller 200 ulike strenger.

Slå av automatiske endringar

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Autoinntasting


Tekstforslaget er utheva.

Når du skriv inn formlar med teikn som er brukte tidlegare, vil det kome opp eit hjelptips med dei siste ti funksjonane frå alle definerte områdenamn og frå innhaldet i alle etikettområda brukte i funksjonsvegvisaren .

Autoskrivinga skil mellom store og små bokstavar. Har du for eksempel skrive «Total» i ei celle kan du ikkje skrive «total» i ei anna celle i same kolonnen utan å først slå av autoskrivinga.