Lag scenario

Vel eit scenario for det merkte arkområdet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Scenario


Bruka scenario

Namn på scenarioet

Gjev scenariet eit namn. Bruk eit eintydig, enkelt og unikt namn slik at det er lett kjenna att scenariet. Du kan òg endra namnet på scenariet i dokumentstrukturvindauget ved hjelp av menykommandoen Eigenskapar.

Merknad

Legg til informasjon om scenariet. Denne informasjonen vert vist i strukturvindauget viss du trykkjer på knappen for Scenario og vel det scenariet du vil ha informasjon om. Du kan òg endra denne informasjonen i dokumentstrukturen gjennom kommandoen Eigenskapar frå sprettoppmenyen.

Innstillingar

Dette avsnittet vert brukt for å setja nokre av innstillingane som vert brukte for å visa scenarioet.

Vis kantlinje

Framhevar scenariet i tabellen med ei ramme. Du kan velja fargen på ramma i kombinasjonsboksen til høgre for dette valet. Ramma har ei tittellinje som viser namnet til det siste scenariet.Dersom det er oppgjeve fleire scenario i dette området, gjev knappen til høgre for kanten ei oversikt over alle scenaria i området.Du kan velja kva scenario som helst frå lista.

Kopier tilbake

Kopierer verdiane til celler du kan endra inn i dette scenariet. Om du ikkje vel dette, vert ikkje scenariet endra når du endrar celleverdiar. Korleis Kopi tilbake oppfører seg, er avhengig av cellevern, arkvern og hindra endringar-innstillingane.

Kopier heile arket

Kopierer heile reknearket til eit ekstra scenarie-rekneark.

Hindra endringar

Hindrar endringar i dette scenariet. Korleis Kopi tilbake-funksjonen oppfører seg eravhengig av cellevern, arkvern og Hindra endringar-innstillingane.