Tilpass verdi

Opnar eit dialogvindauge der du kan løysa ei likning med ein variabel. Etter eit vellukka søk kjem det fram eit dialogvindauge med søkjeresultata. Dialogvindauget let deg òg leggja til resultat og målverdi direkte i cella.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Tilpass verdi


Standard

Her kan du definera variablane i formelen.

Formelcelle

Skriv inn referansen til cella som inneheld formelen i denne formelcella. Ho inneheld gjeldande cellereferanse. Trykk på ei anna celle i arket for å leggja til referansen frå denne cella i skrivefeltet.

Målverdi

Skriv inn den verdien du vil oppnå som eit nytt resultat.

Variabelcelle

Skriv inn referansen til cella med den verdien du vil justera for å oppnå målverdien.

Krymp / Maksimer

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon

Krymp

Ikon

Maksimer