Marker ugyldige data

Markerer alle cellene i reknearket som inneheld verdiar som er utanfor dei godkjente verdiane.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Sporing → Marker ugyldige data


Validitetsreglane (gyldigheitsreglane) avgrensar innskrivinga av tal-, dato-, tids-verdiar og tekst til bestemte verdiar. Det er likevel råd å skriva eller kopiera inn ugyldige verdiar dersom valet Stopp ikkje er aktivert. Når du legg til ein validitetsregel, vert eksisterande celleverdiar ikkje endra.