Vilkårsformatering

Vel Vilkårsformatering for å definera formatstilar som er avhengige av spesielle vilkår. Dersom ein stil alt er i bruk for ei celle, vert denne ikkje forandra. Stilen som vert skriven inn her, vert så brukt. Det finst fleire typar av vilkårsformatering som du kan bruka.

Du kan skriva inn fleire vilkår der utfallet er avhengig av celleverdiane eller formlane. Vilkåra vert utførte frå det første til det siste. Viss vilkår 1 oppfyller vilkåret, vert den definerte stilen brukt. Er vilkåret ikkje oppfylt, vert vilkår 2 kontrollert og denne stilen vert brukt viss vilkåret er oppfylt, elles vert det neste vilkåret kontrollert osv.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Vilkårsformatering


Åtvaringsikon

For å kunne bruka vilkårsformatering må autorekning vera slått på. Dette gjer du via Data → Rekn ut → Autorekning. (Du ser avmerkinga til venstre for kommandoen når autorekning er slått på).


Vilkår

Du kan definera så mange vilkår som du har bruk for.

Vel i nedtrekkslista kva som skal styra vilkårsformateringa:

Fargeskala

Dette er det same dialogvindauget som du får når du vel Alle celler i den første undermenyen under Vilkår. Når du bruker ein fargeskala på eit område, vert det brukt ein to- eller trefarga fargeovergang på området, avhengig av verdien i kvar celle. Eit typisk eksempel vil vera ein temperaturtabell der den nedre delen er blå, den øvre delen er raud og mellomområdet som ein fargeovergang mellom desse.

Du må velja dei to «ekstreme» fargane som indikerer utrekningsmetoden. Utrekninga av den fargen som vert brukt vert gjort i høve til Min - Maks - Persentil - Verdi - Prosent - Formel.

Min og Maks vert henta frå det aktuelle området og treng ikkje meir informasjon. Andre val krev ein verdi (persentil, verdi, prosent) eller ein cellereferanse eller formel (formel).

Du kan finna ei detaljert forklaring og eksempel på nettsidaHow to apply a Color Scale Conditional Formatting page i TDF-Wiki.

Symbolsett

Det er ønskjeleg å plotta plasseringa av ein verdi relativt til ein terskelverdi. Symbolsettet vil vera til hjelp med dette ved å visa grenseverdiane og å velja symboltypen. Tilgjengelege symbolsett er:

Vilkåra for å visa kvart symbol kan spesifiserast relativt til ein verdi (Verdi), ein prosentdel av talet på verdiar i eit område (Prosent) som ein prosentdel av områdeverdiar (Persentil) eller formel (Formel).

Du kan finna ei detaljert forklaring og eksempel på nettsida How to use Icon Set Conditional Formatting page i TDF-Wiki.

Datoar

Dette valet vil bruka ein datoavhengig stil som du vel i nedtrekksboksen: I dag - I går - I morgon - Liste 7 dagar - Denne veka - Sist veke.

Handtera vilkårsformatering

Dette dialogvindauget viser alle vilkårsformateringane som er definerte i reknearket.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Vilkårsformatering → Handsamar


Dialogvindauget Handtere vilkårsformatering vert opna. Her kan du leggja til, redigera eller fjerna ein eller fleire vilkårsformateringar.

Vilkårsformatering viser ei liste over dei vilkåra brukte i dei aktive vilkårsformateringane i det gjeldande reknearket. Berre dei første vilkåra for kvart celleområde vert viste sjølv om det er definert fleire vilkår for eit område.

Viss du har definert ei vilkårsformatering for eit celleområde og deretter prøver å definera ei ny vilkårsformatering for ein del av dette området, kjem det opp ei åtvaring der du må velja om du vil redigera den eksisterande formateringa for heile området eller du vil definera ei ny vilkårsformatering som overlappar det markerte området.