Stilar

Bruk feltet «Stilhandsamar» i sidepanelet for å leggja stilar til celler eller sider. Du kan bruka, oppdatera eller endra eksisterande stilar eller laga nye.

Vindauget «Stilhandsamar» kan limast inn og vera opna under redigeringa av dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Stilar

På verktøylinja Formatering, trykk

Ikon

Stilar


Slik legg du til ein cellestil:

  1. Merk cella eller celleområdet.

  2. Dobbeltklikk på den ønskte stilen i vindauget «Stilhandsamar».

Cellestilar

Viser ei liste med dei tilgjengelege cellestilane for indirekte formatering av celler.

Ikon

Cellestilar

Sidestilar

Viser dei tilgjengelege sidestilane for indirekte sideformatering.

Ikon

Sidestilar

Fyllformatmodus

Slå på eller av fyllformatmodus. Bruk spannet for å bruka stilen du har vald i stilhandsamar-vindauget.

Ikon

Fyllformatmodus

Slik legg du til ein ny stil med målingspannet:

  1. Vel den ønskte stilen i vindauget «Stilhandsamar».

  2. Klikk på knappen Fyllformatmodus (målingspannet).

  3. Klikk på ei celle for å formatera ho eller dra med musepeikaren over eit område for å markera det. Gjenta eventuelt operasjonen for andre celler eller område.

  4. Klikk på «Fyllformatmodus» igjen for å gå ut av denne modusen.

Ny stil frå utval

Lagar ein ny stil som er basert på formateringa av eit merkt objekt. Du kan gje stilen eit namn i dialogvindauget Lag stil.

Ikon

Ny stil frå utval

Oppdater stil

Oppdater stilen som er vald i stilhandsamaren med formateringa til det valde objektet.

Ikon

Oppdater stil

Stilliste

Viser ei liste med stilane i den valde stilkategorien.

I lokalmenyen kan du velja kommandoar for å oppretta ein ny stil eller endra den valde stilen.

Stilgrupper

Vis dei tilgjengelege stilgruppene.