Rediger utskriftsområde

Opnar eit dialogvindauge der du kan velja utskriftsområde. Du kan òg skriva inn rader og kolonnar som skal gjentakast på kvar side.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Utskriftsområde → Rediger

Skrive ut rader eller kolonnar på kvar side

Definere utskriftsområde for eit ark

Utskriftsområde

Let deg endra eit definert utskriftsområde.

Vel -ingen- for å fjerna eit utskriftsområde frå det gjeldande reknearket. Vel -heile arket- for å merkja heile arket som utskriftsområde. Vel -utval- for å definera det markerte området som utskriftsområde. Ved å velja -brukardefinert- kan du definera eit område du tidlegare har definert ved hjelp av Format → Utskriftsområde → Rediger. Viss du har gjeve det definerte området eit namn med Set inn → Namn → Skriv inn, vert dette namnet vist i lista og kan veljast derifrå.

I tekstfeltet til høgre kan du skriva inn utskriftsområdet anten som referansar eller som namn. Dersom markøren er i tekstboksen Utskriftsområde, kan du også velja utskriftsområdet direkte frå reknearket med datamusa.

Krymp / Maksimer

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon

Krymp

Ikon

Maksimer

Rader som skal gjentakast

Vel ei eller fleire rader som skal skrivast på alle sidene. I det høgre tekstfeltet skriv du inn radreferansen, for eksempel, «1», «$1» eller «$2:$3». Nedtrekkslista viser -brukardefinert-. Du kan også velja -ingen- for å fjerna at ei rad skal vera definert til å verta gjentatt.

Dersom markøren er i tekstfeltet Rader som skal gjentakast i dialogvindauget, kan du også definere rader som skal verta gjentatte ved å dra med musa i reknearket.

Krymp / Maksimer

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon

Krymp

Ikon

Maksimer

Kolonnar som skal gjentakast

Vel ein eller fleire kolonnar som skal skrivast ut på kvar side. Skriv inn kolonnereferansen, for eksempel «A» eller «AB» eller «$C:$E», i det høge tekstfeltet. Listeboksen vil då visa - brukardefinert -. Du kan også velja - ingen - for å fjerna definisjonen av ein repeterande kolonne.

Dersom tekstfeltet Kolonnar som skal repeterast i dialogvindauget er markerte, kan du også definera repeterande kolonnar ved å dra musemarkøren i reknearket.