Ark
Oppgjev kva for element som skal takast med i utskrifta av alle ark med denne sidestilen. Du kan òg avgjera utskriftsrekkjefølgja, det første arknummeret og storleiken på sidene.
Skriv ut
Her bestemmer du kva element i reknearket som skal skrivast ut.
Kolonne- og radoverskrifter
Vel om du vil skriva ut kolonne- og radoverskriftene.
Rutenett
Skriv ut kantane for kvar celle som rutenett. Du kan velja rutenettet som vert vist på skjermen under %PPRODUCTNAME → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → %PPRODUCTNAME Calc → Vis → Rutenett.
Merknadar
Skriv ut merknadane som er definerte i reknearket. Dei vert skrivne ut på ei ekstra side saman med dei samsvarande cellereferansane.
Objekt/bilete
Vel om alle bilete og objekt som er sette inn skal skrivast ut (om dei kan skrivast ut).
Diagram
Vel om diagramma i reknearket skal skrivast ut.
Teikneobjekt
Skriv ut alle teikneobjekt.
Formlar
Kryss av her om du vil skriva ut formlane i cellene i staden for resultata.
Nullverdiar
Bestemmer at celler med nullverdi skal skrivast ut.
Siderekkjefølgje
Bestemmer kva rekkjefølgje dataa i eit rekneark skal verta nummererte og skrivne ut når dataa ikkje får plass på éi papirside.
Ovanfrå og ned, deretter mot høgre
Vel om du vil skriva ut loddrett frå kolonnen lengst til venstre til botnen av arket.
Frå venstre til høgre, deretter nedover
Vel om du vil skriva ut vassrett frå øvste rada til kolonnen lengst til høgre.
Første sidetal
Vel dette om du vil la den første sida starta med eit anna sidetal enn 1.
Skriv inn nummeret på den første sida.
Skalering
Definerer sideskaleringa for reknearkutskrifta.
Skaleringsmodus
Vel ein skaleringsmodus frå lista. TIlgjengelege alternativ vert viste under lista.
Forminsk/forstørr utskrifta
Gjev ein skaleringsfaktor for alle utskrivne sidene.
Skaleringsfaktor
Skriv inn ein skaleringsfaktor. Faktorar mindre enn 100 reduserer storleiken, faktorar større enn 100 aukar storleiken.
Tilpass utskriftsområde til breidd/høgd
Bestemmer øvre grense for kor mange sider vassrett (breidd) og loddrett (høgd) som som kvart ark med den gjeldande sidestilen skal skrivast ut på.
-
Utskriftsområda vert skalerte proporsjonalt slik at talet på sider kan verta færre enn det som er spesifisert.
-
Du kan fjerna markeringa frå eit av felta slik at den uspesifiserte dimensjonen kan bruka så mange sider som nødvendig.
-
Dersom du fjernar markeringa i begge felta, vert skaleringsfaktoren 100 %.
Breidd i sider
Skriv inn høgste talet på sider som skal skrivast ut liggjande.
Høgd i sider
Oppgje høgste tal på sider som skal skrivast ut ståande.
Tilpass utskriftsområde til tal på sider
Bestemmer det høgaste talet på sider med den gjeldande sidestilen som kan skrivast ut. Om nødvendig vert sidene skalerte for å få plass til dei.
Talet på sider
Skriv inn det høgste talet på sider som skal skrivast ut.