Sidestil

Opnar ein dialog der du kan velja utsjånaden på alle sidene i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Side


Organisering

Skriv inn innstillingane for den valde stilen.

Side

Vel sidemarg, utsjånaden på ein- og fleirsidige dokument, sidenummerering og papirformat.

Kantlinjer

Vel innstillingar for kantlinjene til valde objekt i Writer eller Calc.

Bakgrunn

Vel bakgrunnsfarge eller -bilete.

Topptekst

Legg til topptekst i sidestilen. Toppteksten er eit område i øvste sidemarg der du kan leggja til tekst eller bilete.

Botntekst

Legg til ein botntekst til sidestilen. Botnteksten er eit område i nedste sidemarg der du kan leggja inn tekst eller bilete.

Ark

Oppgjev kva for element som skal takast med i utskrifta av alle ark med denne sidestilen. Du kan òg avgjera utskriftsrekkjefølgja, det første arknummeret og storleiken på sidene.

Tilbakestill

Still tilbake endringar som er gjorde på denne fana til slik dei var før ho vart opna. Du vert ikkje spurd før tilbakestillinga.