Lenkje til eksterne data

Set inn ei lenkje til data frå ei HTML-, Calc-, CSV- eller Excel-fil. Dataane må vera innanfor eit namngjeve område.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Ark → Lenkje til eksterne data


URL til ekstern datakjelde

Skriv inn adressa eller filnanet som inneheld dataane som skal setjast inn. Trykk så Enter. Berre på denne måten vert adressa kalla opp frå nettverket eller filsystemet.

Merknadsikon

Når du lenkjer til ei ekstern CSV-fil, kjem det opp eit dialogviondauge for CSV dataimport.


Tilgjengelege tabellar/område

Vel tabellen eller dataområdet som du vil setja inn.

Oppdater kvar(t)

Skriv inn kor mange sekund det skal gå før eksterne data vert oppdaterte i det gjeldande dokumentet.