Definer etikettområdet

Opnar eit dialogvindauge der du kan definera eit etikettområde.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Ark → Namngjevne uttrykk → Etikettar


Kjenna igjen namn som adresser

Celleinnhaldet i eit etikettområde kan brukast som namn i formlar. LibreOffice vil kjenna igjen desse namna på same måte som ved førehandsdefinerte namn for vekedagar og månadar. Desse namna vert automatisk utfylt når dei vert skrivne inn i ein formel. I tillegg vil namna som er definerte i etikettområdet ha høgare prioritet enn namn definerte i automatisk genererte område.

Merknadsikon

Du kan definere etikettområde som inneheld dei same etikettane på ulike ark. LibreOffice vil søke først etter etikettområde på det gjeldande arket og deretter i områda på andre ark dersom søket feila.


Område

Viser cellereferansen for kvart etikettområde. Vel eit etikettområde frå lista og trykk Slett. for å fjerna det

Krymp / Maksimer

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon

Krymp

Ikon

Maksimer

Inneheld kolonneetikettar

Tek med kolonneetikettar i dette etikettområdet.

Inneheld radetikettar

Tek med radetikettar i det gjeldande etikettområde.

For dataområde

Set dataområdet der det valde etikettområdet er gyldig. For å endra på det kan du trykkja i arket og merkja eit anna område.

Krymp / Maksimer

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon

Krymp

Ikon

Maksimer

Legg til

Legg det gjeldande etikettområdet til lista.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.