Definere namn

Opnar eit dialogvindauge der du kan skriva inn eit namn på det valde området eller eit namn på eit formeluttrykk.

Bruk datamusa til å definere område, eller skriv inn referansen i dialogfeltet Namn.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Ark → Namngjevne område og uttrykk → Handsam

+ F3


Feltet Arkområde på formellinja inneheld ei liste over definerte områdenamn eller formeluttrykk og omfanget av dei mellom parentesar. Når du klikkar på eitt av namna vert det tilsvarande området utheva i reknearket. Namn på formlar eller delar av formlar vert ikkje lista her.

Namn

Skriv inn namnet på området som du vil laga ein referanse til eller eit formeluttrykk. Tekstfeltet over viser alle områdenamna som er oppgjeve i reknearket. Om du trykkjer på eit namn i lista, vert referansen i dokumentet vist med ei blå ramme. Dersom fleire celleområde høyrer til same områdenamnet, vert dei viste med ulike fargar på rammene.

Område for formeluttrykk

Referansen til namnet på det merkte området vert vist her som ein absolutt verdi.

For å setja inn ein ny områdereferanse, set du markøren i dette feltet og bruker datamusa for å merka det ønskte området i kva ark som helst i reknearkdokumentet. For å setja inn ein ny namngjeven formel, skriv inn formeluttrykket.

Krymp / Maksimer

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon

Krymp

Ikon

Maksimer

Virkefelt

Vel virkefeltet for det namngjevne området eller den namngjevne formelen. Dokument(Global) betyr at namnet er gyldig i heile dokumentet. Alle andre arknamn som er valde vil redusere virkefeltet for det namngjevne området eller den namngjevne formelen til det aktuelle arket.

Områdeinnstillingar

Valfri. Let deg velja områdetypen for referansen.

Definerer tilleggsinnstillingar relaterte til typen av referanseområdet.

Utskriftsområde

Definerer område som utskriftsområde.

Filter

Definerer området som skal brukast i eit avansert filter.

Gjenta kolonne

Definerer området som ein repeterande kolonne.

Gjenta rad

Definerer området som ei repeterande rad.

Legg til

Trykk på knappen Legg til for å leggja til eit nytt namn.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.