Statistiske funksjonar del fem

SKEIVFORDELING.P

Reknar ut skeivfordelinga i ei fordeling ved å bruke populasjonen til ein tilfeldig variabel.

Syntaks

SKEIVFORDELING.P(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1, Tal2 … Tal30 er opp til 30 numerisk verdiar eller område.

Reknar ut skeivfordelinga i ei fordeling ved å bruke populasjonen, d. v. s. det moglege resultatet, av ein tilfeldig variabel. Sekvensen må innehalde minst tre tal.

Merknadsikon

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Eksempel

SKEIVFORDELING.P(2;3;1;6;8;5) returnerer 0,2828158928

SKEIVFORDELING.P(A1:A6) returnerer 0,2828158928 når området A1:A6 inneheld {2;3;1;6;8;5}

SKEIVFORDELING.P(Tal1;Tal2) returnerer alltid null viss Tal1 og Tal2 er to tal.

SKEIVFORDELING.P(Tal1) returnerer Feil:502 (ugyldig argument) dersom når Tal1 resulterer i eit tal fordi SKEIVFORDELING.P ikkje kan reknast ut med berre éin verdi.

AVVIK.KVADRERT (DEVSQ på engelsk)

Returnerer summen av kvadrata av avvika basert på middelverdien i eit utval.

Syntaks

AVVIK.KVADRERT(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1; Tal2;…, Tal30 er numeriske verdiar eller område som representerer ein prøve.

Eksempel

=GJENNOMSNITTSAVVIK(A1:A50)

FTEST

Returnerer sannsynet som høyrer til ein Student-T-test.

Syntaks

TTEST(Data1; Data2; Modus; Type)

Data1 er det avhengige området med data for den første dataposten.

Data2 er det avhengige området med data for den andre dataposten.

Modus = 1 reknar ut den enkle testen,Modus = 2 reknar ut den doble testen.

Type er den typen t-test som skal utførast. Type 1 betyr parvis, type 2 er to prøver med lik varians (homoskedastisk). Type 3 betyr to prøver med ulik varians (heteroskedantisk).

Eksempel

=KOVARIANS(A1:A30;B1:B30)

NORM.S.FORDELING (NORM.S.DIST på engelsk)

Returnerer standard normal kumulativ fordeling. Fordelinga har eit gjennomsnitt på null og eit standardavvik på ein.

Syntaks

NORMAL.FORDELING(Tal; Kumulativ)

Tal er verdien som standard kumulative normalfordelinga er rekna ut frå.

Kumulativ 0 eller USANN reknar ut den sannsynlege tettleiksfunksjonen. Alle andre verdiar eller SANN reknar ut den kumulative fordelingsfunksjonen.

Eksempel

=NORM.S.FORDELING(1;0) returnerer 0,2419707245.

=NORM.S.FORDELING(1;1) returnerer 0,8413447461. Arealet under kurven for standard normalfordeling til venstre for X-verdien er 84 % av totalarealet.

NORM.S.INV (NORM.S.INV på engelsk)

Returnerer inversverdien til standard kumulativ normalfordeling.

Syntaks

NORM.S.INV(Tal)

Tal er den sannsynsverdien som den inverse standard normalfordelinga skal reknast ut frå.

Eksempel

=NORM.S.INV(0,908789) returnerer 1,333334673.

NORMALFORDELING (NORMDIST på engelsk)

Returnerer standardnormalfordelingsfunksjonen. Fordelinga har ein middelverdi på null og eit standardavvik på ein.

Det er GAUSS(x)=NORMALFORDELING(x)-0,5

Syntaks

NORMALFORDELING(Tal)

Tal er verdien som den kumulative standardnormalfordelingen vert rekna ut for.

Eksempel

=NORMALFORDELING(1) returnerer 0,84. Området under standardnormalfordelingskurven til venstre for X-verdien 1 er 84% av heile området.

NORMALISER (STANDARDIZE på engelsk)

Gjer om ein stokastisk variabel til ein normalisert verdi.

Syntaks

NORMALISER(Tal; Middelverdi; StdAv)

Tal er verdien som skal omformast.

Middelverdi er middelverdien av fordelinga.

StAvv er standardavviket til fordelinga.

Eksempel

=NORMALISER(11; 10; 1) returnerer 1. Verdien 11 i ei normalfordeling med ein middelverdi på 10 og eit standardavvik på 1 er like mykje større enn middelverdien 10 som verdien 1 er større enn middelverdien av standard normalfordelinga.

NORMINV (NORMINV på engelsk)

Returnerer inversverdien til standard kumulativ normalfordeling.

Syntaks

NORMSINV(Tal)

Tal er sannsynet som den inverse standard normalfordelinga vert rekna ut for.

Eksempel

=LOGINV(0,05;0;1) returnerer 0,19.

PERMUTER (PERMUT på engelsk)

Returnerer talet på permutasjonar for ei gjeven objektmengd.

Syntaks

PERMUTER(Tal1; Tal2)

Forsøk er det samla talet på forsøk.

Tal2 er talet på objekt i kvar permutasjon.

Eksempel

=PERMUTER(6; 3) returnerer 120. Det er 120 ulike alternativ for å velja ut ein sekvens på 3 spelkort av 6 spelkort.

PERMUTERA (PERMUTATIONA på engelsk)

Returnerer talet på permutasjonar for ei gjeven objektmengd (kan gjentakast).

Syntaks

PERMUTERA(Tal1; Tal2)

Forsøk er det samla talet på forsøk.

Tal2 er talet på objekt i kvar permutasjon.

Eksempel

På kor mange måtar kan 2 objekt veljast ut frå i alt 11 objekt?

=PERMUTASJONA(11; 2) returnerer 121.

=PERMUTERA(6; 3) returnerer 216. Der er 216 ulike måtar å setja saman ein sekvens med 3 spelkort frå 6 kort viss kvart kort vert lagt tilbake før neste vert trekt ut.

PROGNOSE (FORECAST på engelsk)

Ekstrapolerer sluttverdiar basert på eksisterande x- og y-verdiar.

Syntaks

PROGNOSE(Verdi; DataY; DataX)

Verdi er X-verdien som Y-verdien skal returnerast for på den lineære regressjonen.

DataY er matrisen eller området med kjende Y-ar.

DataX er området med kjende x-ar.

Eksempel

=PROGNOSE(50; A1:A50; B1; B50) returnerer den venta Y-verdien til X-verdien 50 viss X- og Y-verdiane i begge referansane er lenkja med ein lineær tendens.

PROGNOSE.LINEÆR

Ekstrapolerer sluttverdiar basert på eksisterande x- og y-verdiar.

Syntaks

PROGNOSE.LINEÆR(Verdi; DataY; DataX)

Verdi er X-verdien som Y-verdien skal returnerast for på den lineære regressjonen.

DataY er matrisa eller området med kjende Y-ar.

DataX er matrisa eller området med kjende x-ar.

Eksempel

=PROGNOSE.LINEÆR(50; A1:A50; B1; B50) returnerer den venta Y-verdien til X-verdien 50 viss X- og Y-verdiane i begge referansane er lenkja med ein lineær tendens.

RANG (RANK på engelsk)

Returnerer rangnummeret til eit tal i eit utval.

Syntaks

RANG(Verdi; Data; Type)

Verdi er verdien som rangeringa skal finnast for.

Data er datatabellen i utvalet.

Type (valfri) er sorteringsrekkjefølgja.

Type = 0 betyr fallande ordning frå det siste elementet i matrisen til det første elementet. Dette er standardinnstillinga.

Type = 1 betyr stigande ordning frå det første elementet i matrisen til det siste elementet.

Eksempel

=RANG(A10; A1:A50) returnerer rangeringa av verdien i A10 i dataområdet A1:A50. Viss Verdi ikkje finst i området, vert det vist ei feilmelding.

RANG.EKV (RANK.EQ på engelsk)

Returnerer plasseringa av ein bestemt verdi i ei liste med tal. Viss det er fleire oppføringar av det same talet, vil desse få same rangeringa.

Merknadsikon

Skilnaden mellom RANG.GJSN og RANG.EKV vert synleg når det er fleire oppføringar av eit tal i lista. RANG.EKV vil returnere den lågare rangeringa medan RANG.GJSN vil returnere den gjennomsnittlege rangeringa.


Syntaks

RANG.EKV(Verdi; Data; Type)

Verdi er verdien som rangeringa skal finnast for.

Data er datatabellen i utvalet.

Type (valfri) er sorteringsrekkjefølgja.

Type = 0 betyr avtakande ordning frå det siste elementet i lista til det første elementet.

Type = 1 betyr stigande ordning frå det første elementet i matrisen til det siste elementet.

Eksempel

=RANG.EKV(A10;A1:A50) returnerer rangeringa av verdien i A10 i talområdet A1:A50. Viss Verdi ikkje finst i lista, vert det vist ei feilmelding.

RANG.GJSN (RANK.AVG på engelsk)

Returnerer den statistiske rangeringa av eit tal i ein tabell. Dersom det ikkje finst dupliserte verdiar, vert gjennomsnittsrangen returnert.

Merknadsikon

Skilnaden mellom RANG.GJSN og RANG.EKV kjem fram når det er fleire oppføringar av den same verdien i lista over verdiar. Funksjonen RANG.EKV returnerer låg rang medan RANG.GJSN returnerer gjennomsnittsrang.


Syntaks

RANG.GJSN(Verdi; Data; Type)

Verdi er verdien som rangeringa skal finnast for.

Data er datatabellen i utvalet.

Type (valfri) er sorteringsrekkjefølgja.

Type = 0 betyr avtakande ordning frå det siste elementet i tabellen til det første elementet. (Dette er standardinnstillinga).

Type = 1 betyr stigande ordning frå det første elementet i matrisen til det siste elementet.

Eksempel

RANG.GJSN returnerer plasseringa verdien A10 har i verditabellen A1:A50. Viss verdien Verdi ikkje finst i lista vert det returnert ei feilmelding.

SANNSYNLEG (PROB på engelsk)

Returnerer sannsynet for at to verdiar i eit området er mellom to avgrensingar. Viss det ikkje er sett ei Øvre_grense, vil funksjonen rekna ut sannsynet ut frå at dataverdiane er dei same som verdien av Nedre_grense.

Syntaks

SANDSYNLEG(Data; Sannsyn; Start; Slutt)

Data er datatabellen i utvalet.

Sannsyn er området med dei tilsvarande sannsyna.

Start er startverdien for det intervallet med sannsyna som skal leggjast saman.

Slutt (valfri) er sluttverdien til intervallet som sannsynet skal summerast frå. Dersom argumentet manglar, vert sannsynet for verdien Start rekna ut.

Eksempel

=SANDSYNLEG(A1:A50; B1:B50; 50; 60) returnerer sannsynet for at ein verdi innføre området A1:A50 også er innføre grensene mellom 50 og 60. Alle verdiane innføre området A1:A50 har eit sannsyn innføre området B1:B50.

SKEIVFORDELING (SKEW på engelsk)

Returnerer skeivskapen i ei fordeling.

Syntaks

SKEIVFORDELING.P(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1; Tal2;…; Tal30 er numeriske verdiar eller område.

Eksempel

=SKEIVFORDELING(A1:A50) reknar ut skeivfordelinga for dataområdet.

STANDARDFEIL (STEYX på engelsk)

Returnerer standardfeilen til den estimerte y-verdien for kvar x-verdi i regresjonen.

Syntaks

STANDARDFEIL(DataY; DataX)

DataY er området eller matrisen med Y-data.

DataX er området eller matrisen med X-data.

Eksempel

=STANDARDFEIL(A1:A50;B1:B50)

STDAV (STDEV på engelsk)

Estimerer standardavviket basert på eit utval

Syntaks

STDAV(Tal1; Tal2 …; Tal30)

Tal1, Tal2, …; Tal30 er numeriske verdiar eller område som representerer ein stikkprøve frå ein heil populasjon.

Eksempel

=STDAV(A1:A50) returnerer det estimerte standardaviket baseret på dei refererte dataa.

STDAV (STDEV på engelsk)

Reknar ut standardavviket til eit estimat basert på eit utfall.

Syntaks

STDAVA(Verdi1; Verdi2; …; Verdi30)

Verdi1, Verdi2, …; Verdi30 er verdiar eller område som representerer ein prøve frå ein heil populasjon. Tekst har verdien 0.

Eksempel

=STDAVA(A1:A50) returnerer det estimerte standardavviket basert på dei refererte dataa.

STDAV.P (STDEV.P på engelsk)

Reknar ut standardavviket på grunnlag av heile populasjonen.

Syntaks

STDAV.P(Tal1; Tal2 …; Tal30)

Tal1, Tal2, …, Tal30 er numeriske verdiar eller område som representerer ein heil populasjon.

Eksempel

=STDAV.P(A1:A50) returnerer eit standardavvik for dei dataa det er referert til.

STDAV.S (STDEV.S på engelsk)

Reknar ut standardavviket basert på eit utval av populasjonen.

Syntaks

STDAV.S(Tal1; Tal2 …; Tal30)

Tal1,Tal2, …,Tal30 er numeriske verdiar eller områder som representer eit utval av populasjonen.

Eksempel

=STDAV.S(A1:A50) returnerer eit standardavvik for dei aktuelle dataa.

STDAVP (STDEVP på engelsk)

Reknar ut standardavviket i heile populasjonen.

Syntaks

STDAVP(Tal1; Tal2 …; Tal30)

Tal1, Tal2, …; Tal30 er numeriske verdiar eller område som representerer ein heil populasjon.

Eksempel

=STDAVP(A1:A50) returnerer eit standardavvik for dei dataa det er referert til.

STDAVPA (STDEVPA på engelsk)

Reknar ut standardavviket i heile populasjonen.

Syntaks

STDAVPA(Verdi1; Verdi2; …; Verdi30)

Verdi1, Verdi2, …, Verdi30 er verdiar eller område som representerer ein heil populasjon. Tekst har verdien 0.

Eksempel

=STDAVPA(A1:A50) returnerer standardavviket for dei dataa det er referert til.

STIGINGSTAL (SLOPE på engelsk)

Returnerer stigingstalet til den lineære regresjonslinja. Stigingstalet er tilpassa datapunkta valde i y- og x-verdiane.

Syntaks

STIGINGSTAL(DataY; DataX)

DataY er området eller matrisen med Y-data.

DataX er området eller matrisen med Y-data.

Eksempel

=KOVARIANS(A1:A30;B1:B30)

T.FORDELING (T.DIST på engelsk)

Returnerer t-fordelinga.

Syntaks

T.FORDELING(Verdi; Fridomsgrader; Kumulativ)

Tal er verdien som t-fordelinga vert rekna ut for.

Fridomsgrader er talet på fridomsgrader for t-fordelinga.

Kumulativ = 0 eller USANN returnerer sannsynleg tettleik, 1 eller SANN returnerer kumulativ fordeling.

Eksempel

=T.FORDELING(1; 10; SANN) returnerer 0,8295534338

T.FORDELING.2T (T.DIST.2T på engelsk)

Reknar ut den tosidige Student T-fordelinga som er ei kontinuerleg sannsynsfordeling som er mykje brukt for å prøva ut hypotesar på små prøvesett.

Syntaks

T.FORDELING.2T(Tal; Fridomsgrader)

Tal er verdien som t-fordelinga vert rekna ut for.

Fridomsgrader er talet på fridomsgrader for t-fordelinga.

Eksempel

=T.FORDELING.2T(1; 10) returnerer 0,3408931323.

T.FORDELING.H (T.DIST.RT på engelsk)

Reknar ut den høgresidige Student T-fordelinga som er ei kontinuerleg sannsynsfordeling som er mykje brukt for å prøva ut hypotesar på små prøvesett.

Syntaks

T.FORDELING.H(Tal; Fridomsgrader)

Tal er verdien som t-fordelinga vert rekna ut for.

Fridomsgrader er talet på fridomsgrader for t-fordelinga.

Eksempel

=T.FORDELING.H(1; 10) returnerer 0,1704465662.

T.INV (T.INV på engelsk)

Returnerer den einsidige inversverdien til t-fordelinga.

Syntaks

T.INV(Tal; Fridomsgrader)

Tal er sannsynet kopla til den einsidige t-fordelinga.

Fridomsgrader er talet på fridomsgrader for t-fordelinga.

Eksempel

=T.INV(0,1;6) returnerer -1,4397557473.

T.INV.2T (T.INV.2T på engelsk)

Reknar ut inversen av den tosidige student t-fordelinga som er ei kontinuerleg sannsynsfordeling mykje brukt for å prøve ut hypotesar ved små prøvesett.

Syntaks

T.INV.2T(Tal; Fridomsgrader)

Tal er sannsynet kopla til den tosidige t-fordelinga.

Fridomsgrader er talet på fridomsgrader for t-fordelinga.

Eksempel

=T.INV.2T(0.25; 10) returnerer 1,221255395.

T.TEST (T.TEST på engelsk)

Returnerer sannsynet som høyrer til ein Student-T-test.

Syntaks

T.TEST(Data1; Data2; Modus; Type)

Data1 er det avhengige området med data for den første dataposten.

Data2 er det avhengige området med data for den andre dataposten.

Modus = 1 reknar ut den einsidige testen, Modus = 2 den tosidige testen.

Type er kva type t-test som skal utførast. Type 1 er parvis. Type 2 er to prøver med lik varians (homoskedastisk). Type 3 betyr to prøver med ulik varians (heteroskedantisk).

Eksempel

=T.TEST(A1:A50;B1:B50;2;2)

TFORDELING (TDIST på engelsk)

Returnerer t-fordelinga.

Syntaks

TFORDELING(Tal; Fridomsgrader; Modus)

Tal er verdien som t-fordelinga skal reknast ut for.

Fridomsgrader er graden av fridom for t-fordelinga.

Modus = 1 returnerer den einsidige testen. Modus = 2 returnerer den tosidige testen.

Eksempel

=MODUS(A1:A50)

TINV (TINV på engelsk)

Returnerer inversverdien til t-fordelinga.

Syntaks

TINV(Tal; Fridomsgrader)

Tal er sannsynet knytt til den tosidige t-fordelinga.

Fridomsgrader er talet på fridomsgrader for t-fordelinga.

Eksempel

=TFORDELING.INVERS(0,1:6) returnerer 1,94

VARIANS (VAR på engelsk)

Estimerer variansen basert på eit utval.

Syntaks

VARIANS(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1, Tal2, …, Tal30 er numeriske verdiar eller område som representerer ein stikkprøve frå ein heil populasjon.

Eksempel

=MODUS(A1:A50)

VARIANS.P (VAR.P på engelsk)

Reknar ut variansen basert på heile populasjonen.

Syntaks

VARIANS.P(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1, Tal2, …, Tal30 er numeriske verdiar eller område som representerer ein heil populasjon.

Eksempel

=VARIANS.P(A1:A50)

VARIANS.S (VAR.S på engelsk)

Estimerer variansen basert på eit utval.

Syntaks

VARIANS.S(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1, Tal2, …, Tal30 er numeriske verdiar eller område som representerer ein stikkprøve frå ein heil populasjon.

Eksempel

=VARIANS.S(A1:A50)

VARIANSA (VARA på engelsk)

Reknar ut ein varians basert på eit utfall. Tekst får verdien 0.

Syntaks

VARIANSA(Verdi1; Verdi2; …; Verdi30)

Verdi1, Verdi2, …, Verdi30 er verdiar eller område som representerer ein stikkprøve frå ein heil populasjon. Tekst har verdien 0.

Eksempel

=GJENNOMSNITT(A1:A50)

VARIANSP (VARP på engelsk)

Reknar ut variansen basert på heile populasjonen.

Syntaks

VARIANSP(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1, Tal2, …; Tal30 er numeriske verdiar eller område som representerer ein heil populasjon.

Eksempel

=MODUS(A1:A50)

VARIANSPA (VARPA på engelsk)

Reknar ut variansen basert på heile populasjonen. Tekst får verdien 0.

Syntaks

VARIANSPA(Verdi1; Verdi2; …; Verdi30)

Verdi1, Verdi2, …, Verdi30 er verdiar eller område som representerer ein heil populasjon.

Eksempel

=GJENNOMSNITTA((A1:A50)

WEIBULL.FORDELING (WEIBULL.DIST på engelsk)

Returnerer verdiane for Weibull-fordelinga.

Weibullfordeling er ei samanhengande sannsynsfordeling med parametra Alfa > 0 (form) og Beta > 0 (skalering).

Viss kumulativ er 0, reknar WEIBULL.FORDELING ut den sannsynlege tettleiksfunksjonen.

Viss Kumulativ er 1, reknar WEIBULL.FORDELING ut den kumulerte fordelingsfunksjonen.

Syntaks

WEIBULL.FORDELING(Tal; Alfa; Beta; Kumulativ)

Tal er verdien som Weibullfordelinga skal reknast ut for.

Alfa er alfaparameteren for Weibullfordelinga.

Beta er betaparameteren for Weibullfordelinga.

Kumulativ viser funksjonstypen.

Eksempel

=WEIBULL.FORDELING(2;1;1;1) returnerer 0,8646647168.

Sjå også Wiki page.

WEIBULLFORDELING (WEIBULL på engelsk)

Returnerer verdiane for Weibull-fordelinga.

Weibullfordeling er ei samanhengande sannsynsfordeling med parametra Alfa > 0 (form) og Beta > 0 (skalering).

Viss kumulativ er 0, reknar WEIBULLFORDELING ut tettleiksfunksjonen.

Viss Kumulativ er 1, reknar WEIBULLFORDELING ut den kumulerte fordelingsfunksjonen.

Syntaks

WEIBULLFORDELING(Tal; Alfa; Beta; Kumulativ)

Tal er verdien som Weibullfordelinga skal reknast ut for.

Alfa er alfaparameteren for Weibullfordelinga.

Beta er betaparameteren for Weibullfordelinga.

Kumulativ viser funksjonstypen.

Eksempel

=POISSON(60; 50; 1) returnerer 0,93.

Sjå også Wiki page.