Statistiske funksjonar del fire

GJENNOMSNITT.VISS

Returnerer det aritmetiske gjennomsnittet for alle cellene i eit område som oppfyller eit gjeve vilkår. Funksjonen GJENNOMSNITT.VISS summerer alle resultata som høver til den logiske testen og deler denne summen med talet på dei merkte cellene.

GJENNOMSNITT.VISS.SETT

Returnerer det aritmetiske gjennomsnittet av eit område som oppfyller fleire kriteria. Funksjonen GJENNOMSNITT.VISS.SETT legg saman alle resultata som oppfyller den logiske testen og dividerer denne summen med talet på merkte verdiar.

GJENNOMSNITT

Returnerer gjennomsnittet av argumenta.

Syntaks

GJENNOMSNITT(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1; Tal2;…; Tal30 er numeriske verdiar eller område.

Eksempel

=GJENNOMSNITT(A1:A50)

GJENNOMSNITTA

Returnerer gjennomsnittet av argumenta. Tekst får verdien 0.

Syntaks

GJENNOMSNITTA(Verdi1; Verdi2; …; Verdi30)

Verdi1; Verdi2; …; Verdi30 er verdiar eller område. Tekst har verdien 0.

Eksempel

=GJENNOMSNITTA((A1:A50)

GJENNOMSNITTSAVVIK

Returnerer gjennomsnittet av dei absolutte avvika frå middelverdien av datapunkta. Viser spreiinga i ei datamengd.

Syntaks

GJENNOMSNITTSAVVIK(Tal1; Tal2 …; Tal30)

Tal1; Tal2; …; Tal30 er verdiar eller område som representerer eit utval. Kvart tal kan også vere representert ved ein referanse.

Eksempel

=GJENNOMSNITTSAVVIK(A1:A50)

KVARTIL (QUARTILE på engelsk)

Returnerer kvartilen til eit datasett.

Syntaks

KVARTIL(Data; Type)

Data er datatabellen i utvalet.

Type er kvartiltypen: (0 = MIN, 1 = 25%, 2 = 50% (MEDIAN), 3 = 75% og 4 = MAKS.)

Eksempel

=KVARTIL(A1:A50; 2) returnerer verdien for kva for 50 % av skalaen som svarar til dei lågaste til dei høgste verdiane i området A1:A50.

KVARTIL.EKS (QUARTILE.EXC på engelsk)

Returnerer kvartilen av eit datasett basert på persentilverdiane frå 0 til 1 (eksklusiv).

Merknadsikon

Skilnaden mellom KVARTIL.INK og KVARTIL.EKS er at funksjonen KVARTIL.INK baserer utrekningane på eit persentilområde frå 0 til 1 (inklusive), medan funksjonen KVARTIL.EKS baserer utrekningane på eit persentilområde frå 0 til 1 (eksklusiv).


Syntaks

KVARTIL.EKS(Data; Type)

Data er området med dataverdiar som kvartilen skal reknast ut for.

Type er anten 1, 2 eller 3 og representerer den ønskte kvartilen. Viss type = 1 eller 3, må datatabellen innehalda meir enn to verdiar.

Eksempel

=KVARTIL.EKS(A1:A50; 2) returnerer verdien for kva for 50 % av skalaen som svarar til dei lågaste til dei høgste verdiane i området A1:A50.

KVARTIL.INK (QUARTILE.INC på engelsk)

Returnerer kvartilen for eit datasett.

Merknadsikon

Skilnaden mellom KVARTIL.INK og KVARTIL.EKS er at funksjonen KVARTIL.INK baserer utrekningane på eit persentilområde frå 0 til 1 (inklusiv) medan funksjonen KVARTIL.EKS baserer utrekningane på eit persentilområde frå 0 til 1 (eksklusiv).


Syntaks

KVARTIL.INK(Data; Type)

Data er datatabellen i utvalet.

Type er kvartiltypen: (0 = MIN, 1 = 25%, 2 = 50% (MEDIAN), 3 = 75% og 4 = MAKS.)

Eksempel

=KVARTIL.INK(A1:A50; 2) returnerer verdien for kva for 50 % av skalaen som svarar til dei lågaste til dei høgaste verdiane i området A1:A50.

MAKS

Returnerer den største verdien i ei liste med argument.

Returnerer 0 dersom det ikkje vart konstatert numerisk verdi og heller ingen feil i dei celleområda som vart oppførte som cellereferansar. Tekstceler vert ignorerte av MIN() og MAKS(). Funksjonane MINV() og MAKSV() returnerer 0, dersom ingen verdi (numerisk eller tekst) og ingen feil vert konstatert. Overføring av ein tekststreng til MIN() eller MAKS(), for eksempel MIN("streng"), vil derimot resultere i ein feil.

Syntaks

MAKS(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1; Tal2;…; Tal30 er numeriske verdiar eller område.

Eksempel

=MAKS(A1; A2; A3; 50; 100; 200) returnerer den største verdien frå lista.

=MAKS(A1:B100) returnerer den største verdien frå lista.

MAKSA

Returnerer den høgste verdien i ei liste med argument. I motsetnad til MAKS, kan du skriva inn tekst her. Tekst får verdien 0.

Funksjonane MINA() og MAKSA() returnerer 0 dersom det ikkje er nokon verdi, numerisk eller tekst, å returnere og det ikkje er funne feil.

Syntaks

MAKSA(Verdi1; Verdi2; …; Verdi30)

Verdi1; Verdi2; …; Verdi30 er verdiar eller område. Tekst har verdien 0.

Eksempel

=MAKSA(A1;A2;A3;50;100;200;"Tekst") returnerer den største verdien frå lista.

=MAKSA(A1:B100) returnerer den største verdien frå lista.

MEDIAN

Returnerer medianen av ei talmengd. Dersom mengda har eit oddetal verdiar, er medianen talet som ligg midt i mengda. I mengder med eit partal verdiar, er medianen gjennomsnittet av dei to tala som ligg midt i mengda.

Syntaks

MEDIAN(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1; Tal2; …; Tal30 er verdiar eller område som representerer eit utval. Kvart tal kan også vere representert ved ein referanse.

Eksempel

for eit oddetal: =MEDIAN(1;5;9;20;21) returnerer 9 som medianverdi.

for eit partal: =MEDIAN(1;5;9;20) returnerer gjennomsnittet av dei to midterste tala, 5 og 9, altså 7.

MIN

Returnerer den minste verdien i ei liste med argument.

Returnerer 0 dersom det ikkje vart konstatert numerisk verdi og heller ingen feil i dei celleområda som vart oppførte som cellereferansar. Tekstceler vert ignorerte av MIN() og MAKS(). Funksjonane MINV() og MAKSV() returnerer 0, dersom ingen verdi (numerisk eller tekst) og ingen feil vart konstatert. Overføring av ein tekststreng til MIN() eller MAKS(), for eksempel MIN("streng"), vil derimot resultere i ein feil.

Syntaks

MIN(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1; Tal2;…; Tal30 er numeriske verdiar eller område.

Eksempel

=MIN(A1:B100) returnerer den minste verdien i lista.

MINA

Returnerer den minste verdien i ei liste med argument. Du kan også skriva inni tekst. Tekst får verdien 0.

Funksjonane MINA() og MAKSA() returnerer 0 dersom det ikkje er nokon verdi, numerisk eller tekst, å returnere og det ikkje er funne feil.

Syntaks

MINA(Verdi1; Verdi2; …; Verdi30)

Verdi1; Verdi2; …; Verdi30 er verdiar eller område. Tekst har verdien 0.

Eksempel

=MINA(1; "Tekst"; 20) returnerer 0.

=MINA(A1:B100) returnerer den minste verdien i lista.

MODUS (MODE på engelsk)

Gjev verdien som finst flest gongar i ei datamengd. Dersom fleire verdiar finst fleire gongar, vert den minste verdien gjeven. Det oppstår ein feil dersom ingen verdiar finst fleire gongar.

Merknadsikon

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Syntaks

MODUS(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1; Tal2;…: Tal30 er numeriske verdiar eller område.

Eksempel

=MODUS(A1:A50)

MODUS.MULT

Returnerer ein loddrett tabell av den statisiske modus (dei oftast førekomande verdiane) inne i ei liste med tal.

Syntaks

MODUS.MULT(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1; Tal2;…; Tal30 er numeriske verdiar eller område.

Åtvaringsikon

Sidan MODUS.MULT-funksjonen returnerer ein tabell med verdiar må funksjonen skrivast inn som ein tabellformel. Viss funksjonen ikkje er skrive inn som ein tabellformel, vert berre første modus returnert, som er det same som å bruka MODUS.SNGL-funksjonen.


Eksempel

=MODUS.MULT(A1:A50)

MODUS.SNGL (MODE.SNGL på engelsk)

Returnerer verdien som finst flest gongar i ei datamengd i ein tabell eller eit dataområde. Dersom det er fleire verdiar med den same frekvensen, vert den minste verdien gjeven. Det oppstår ein feil dersom ingen verdiar finst fleire gongar.

Syntaks

MODUS.SNGL(Tal1; Tal2; …; Tal30)

Tal1; Tal2;…; Tal30 er numeriske verdiar eller område.

Åtvaringsikon

Dersom datasettet ikkje inneheld kopiar av datapunkt, vil MODUS.SNGL returnere feilverdien #VALUE.


Eksempel

=MODUS.SNGL(A1:A50)

NEGBINOM.FORDELING

Returnerer den negative binomialfordelinga.

Syntaks

NEGBINOM.FORDELING(X; Tal_l; San)

X representerer talet på mislukka testar.

Tal_l representerer talet på vellukka testar.

San er kor sannsynleg det er å lukkast med ein test.

Eksempel

=NEGBINOM.FORDELING(1; 1; 0,5) returnerer 0,25.

NEGBINOM.FORDELING (NEGBINOM.DIST på engelsk)

Returnerer den negative binomialtettleiken eller fordelinga.

Syntaks

NEGBINOM.FORDELING(X; R; SP; Kumulativ)

X representerer talet på mislukka testar.

Tal_l representerer talet på vellukka testar.

San er kor sannsynleg det er å lukkast med ein test.

Kumulativ = 0 reknar ut tettleiksfunksjonen. Kumulativ = 1 reknar ut fordelinga.

Eksempel

=NEGBINOM.FORDELING(1; 1; 0,5;0) returnerer 0,25.

=NEGBINOM.FORDELING(1; 1; 0,5;1) returnerer 0,75.

NORM.INV (NORM.INV på engelsk)

Returnerer inversen av den normale kumulative fordelinga.

Syntaks

NORM.INV(Tal; Middelverdi; StdAv)

Tal er den sannsynlege verdien som vert brukt for å bestemme den inverse normalfordelinga.

Middelverdi er middelverdien for normalfordelinga.

StdAv er standardavviket for normalfordelinga.

Eksempel

=NORMINV(0,9; 63; 5) returnerer 69,4077578277. Dersom den gjennomsnittlege eggvekta er 63 gram med eit standardavvik på 5, vil det vere 90 % sannsynleg at egget ikkje er tyngre enn 69,41 gram.

NORMAL.FORDELING (NORM.DIST på engelsk)

Returnerer tettleiksfunksjonen for den kumulative normalfordelinga.

Syntaks

NORMAL.FORDELING(Tal; Middelverdi; StdAvv; C)

TalTalet som normalfordelinga skal reknast ut frå.

Middelverdi er middelverdien av fordelinga.

StAvv er standardavviket til fordelinga.

C = 0 reknar ut tettleiksfunksjonen, C = 1 reknar ut fordelinga.

Eksempel

=NORMAL.FORDELING(70;63;5;0) returnerer 0,029945493.

=NORM.FORDELING(70;63;5;1) returnerer 0,9192433408.

NORMALFORDELING (NORMDIST på engelsk)

Returnerer tettheitsfunksjonen for den kumulative normalfordelinga.

Syntaks

NORMALFORDELING(Tal; Middelverdi; StdAvv; C)

TalTalet som normalfordelinga skal reknast ut frå.

Middelverdi er middelverdien av fordelinga.

StAvv er standardavviket til fordelinga.

C er valfri. C = 0 reknar ut tettleiksfunksjonen, C = 1 reknar ut fordelinga.

Eksempel

=NORMALFORDELING(70;63;5;0) returnerer 0,03.

=NORMALFORDELING(70;63;5;1) returnerer 0,92.

NORMINV (NORMINV på engelsk)

Returnerer invers kumulativ normalfordeling.

Syntaks

NORMINV(Tal; Middelverdi; StdAv)

Tal er den sannsynlege verdien som vert brukt for å bestemme den inverse normalfordelinga.

Middelverdi er middelverdien for normalfordelinga.

StdAv er standardavviket for normalfordelinga.

Eksempel

=NORMINV(0,9; 63; 5) returnerer 69,41. Dersom den gjennomsnittlege eggvekta er 63 gram med eit standardavvik på 5, vil det vere 90 % sannsynleg at egget ikkje er tyngre enn 69,41 gram.

PEARSON

Returnerer korrelasjonskoeffesienten for Pearson momentprodukt r.

Syntaks

PEARSON(Data1; Data2)

Data1 er tabellen med det første datasettet.

Data2 er tabellområdet med det andre datasettet.

Eksempel

=PEARSON(A1:A30; B1:B30) returnerer Pearson korrelationskoeffisient på begge datasetta.

PERSENTIL (PERCENTILE på engelsk)

Returnerer alfa-persentilen av dataverdiar i eit område. Ein persentil returnerer skalaverdien for ein dataserie som går frå den minste (Alfa=0) til den største verdien (Alfa=1) i ein dataserie. For Alfa= 25%, betyr persentil den første kvartilen; Alfa= 50% er medianen.

Syntaks

PERSENTIL(Data; Alfa)

Data er området med data.

Alfa er prosentdelen på skalaen mellom 0 og 1.

Eksempel

=PERSENTIL(A1:A50;0.1) er verdien i datasettet som er lik 10% av den samla dataskalaen i A1:A50.

PERSENTIL.EKS (ERCENTILE.EXC på engelsk)

Returnerer Alfa-persentilen til eit forråd av verdiar for ein gjeven verdi for Alfa innføre området 0 til 1 (eksklusiv). Ein persentil returnerer skalaverdien for ein dataserie som går frå den minste (Alfa=0) til den største verdien (Alfa=1) for ein dataserie. For Alfa = 25% betyr persentilen den første kvartilen og Alfa = 50% er medianen.

Åtvaringsikon

Viss Alfa ikkje er ein multippel av 1/(n+1), (der n er talet på verdiar i tabellen), vil funksjonen interpolere mellom verdiane i tabellen for å rekna ut persentilverdien. Men, viss Alfa er mindre enn 1/(n+1) eller Alfa er større enn n/(n+1) kan funksjonen ikkje interpolere og vil returnere ei feilmelding.


Merknadsikon

Skilnaden mellom PERSENTIL.INK og PERSENTIL.EKS er at i funkjsjonen PERSENTIL.INK er alfaverdien innføre området 0 til 1 (inklusiv), altså frå og med 0 til og med 1, medan i PERSENTIL.EKS er verdien mellom 0 og 1 (ekslusiv), altså frå men ikkje med, 0 og til, men ikkje med, 1.


Syntaks

PERSENTIL(Data; Alfa)

Data er området med data.

Alfa er prosentdelen på skalaen mellom 0 og 1.

Eksempel

=PERSENTIL(A1:A50;10%) er verdien i datasettet som er lik 10% av den samla dataskalaen i A1:A50.

PERSENTIL.INK (PERCENTILE.INC på engelsk)

Returnerer alfa-persentilen av dataverdiar i ein tabell. Ein persentil returnerer skalaverdien for ein dataserie som går frå den minste (Alfa=0) til den største verdien (Alfa=1) i ein dataserie. For Alfa= 25%, betyr persentil den første kvartilen; Alfa= 50% er medianen.

Merknadsikon

Skilnaden mellom PERSENTIL.INK og PERSENTIL.EKS er at i funkjsjonen PERSENTIL.INK er alfaverdien innføre området 0 til 1 (inklusiv), altså frå og med 0 til og med 1, medan i PERSENTIL.EKS er verdien mellom 0 og 1 (ekslusiv), altså frå men ikkje med, 0 og til, men ikkje med, 1.


Syntaks

PERSENTIL.INK(Data; Alfa)

Data er området med data.

Alfa er prosentdelen på skalaen mellom 0 og 1.

Eksempel

=PERSENTIL.INK(A1:A50;0.1) er verdien i datasettet som er lik 10% av den samla dataskalaen i A1:A50.

PHI

Returnerer verdiane til fordelingsfunksjonen for ei standard normalfordeling.

Syntaks

PHI(Tal)

Tal er verdien som standard normalfordelinga er rekna ut frå.

Eksempel

=PHI(2.25) = 0.03

=PHI(-2.25) = 0.03

=PHI(0) = 0,4

POISSON

Returnerer Poisson-fordelinga.

Syntaks

POISSON(Tal; Middelverdi; K)

Tal er verdien som Poisson-fordelinga vert rekna ut frå.

Middelverdi er den midterste verdien i Poisson-fordelinga.

Med K (valfri) = 0 eller USANN vert tettleiksfunksjonen rekna ut. Med K= 1 eller SANN vert fordelinga rekna ut. Dersom det ikkje er skrive noko her, vert standardverdien SANN set inn når du lagrar dokumentet. Dette for å gjera dokumentet best mogleg kompatibelt med andre program og eldre versjonar av LibreOffice.

Eksempel

=POISSON(60; 50; 1) returnerer 0,93.

POISSON.FORDELING (POISSON.DIST på engelsk)

Returnerer Poisson-fordelinga.

Syntaks

POISSON.FORDELING(Tal; Middelverdi; K)

Tal er verdien som Poisson-fordelinga vert rekna ut frå.

Middelverdi er den midterste verdien i Poisson-fordelinga.

Med K (valfri) = 0 eller USANN vert tettleiksfunksjonen rekna ut. Med K= 1 eller SANN vert fordelinga rekna ut. Dersom det ikkje er skrive noko her, vert standardverdien SANN set inn når du lagrar dokumentet. Dette for å gjere dokumentet best mogleg kompatibelt med andre program og eldre versjonar av LibreOffice.

Eksempel

=POISSON.FORDELING(60; 50; 1) returnerer 0,9278398202.

PROSENTDEL (PERCENTRANK på engelsk)

Returnerer den prosentvise fordelinga av ein verdi i eit utval.

Syntaks

PROSENTDEL(Data, Verdi, Signifikans)

Data er datatabellen i utvalet.

Verdi er den verdien prosentdelen skal reknast av.

Signifikans er eit valfritt argument som spesifiserer talet på signifikante (gjeldande) siffer som den returnerte verdien skal rundast av til. Dersom denne vert sløyfa, vert verdien 3 brukt.

Eksempel

=PROSENTDEL(A1:A50; 50) returnerer den prosentuelle plassen av verdien 50 frå det samla område av alle verdiar funne i A1:A50. Dersom 50 fell utanfor det samla området, vert det vist ei feilmelding.

PROSENTDEL.EKS (PERCENTRANK.EXC på engelsk)

Returnerer den relative posisjonen, mellom 0 og 1 (eksklusiv), av ein spesifisert verdi i ein tabell.

Merknadsikon

Skilnaden mellom PROSENTDEL.INK og PROSENTDEL.EKS er at PROSENTDEL.INK reknar ut verdien i området 0 til 1 inklusiv områdegrensene, medan PROSENTDEL.EKS reknar ut verdien i området 0 til 1 eksklusiv områdegrensene.


Syntaks

PROSENTDEL.EKS(Data; Verdi; Signifikans)

Data er datatabellen i utvalet.

Verdi er den verdien prosentdelen skal reknast av.

Signifikans er eit valfritt argument som spesifiserer talet på signifikante (gjeldande) siffer som den returnerte verdien skal rundast av til.

Eksempel

=PROSENTDELEKS(A1:A50; 50) returnerer den prosentuelle plassen av verdien 50 frå det samla område av alle verdiar funne i A1:A50. Dersom 50 fell utanfor det samla området, vert det vist ei feilmelding.

PROSENTDEL.INK (PERCENTRANK.INC på engelsk)

Returnerer den relative posisjonen, mellom 0 og 1 (inklusiv), til ein spesifisert verdi i ein tabell.

Merknadsikon

Skilnaden mellom PROSENTDEL.INK og PROSENTDEL.EKS er at i funkjsjonen PROSENTDEL.INK er alfaverdien innføre området 0 til 1 (inklusiv), altså frå og med 0 til og med 1, medan i PROSENTDEL.EKS er verdien mellom 0 og 1 (ekslusiv), altså frå men ikkje med, 0 og til, men ikkje med, 1.


Syntaks

PROSENTDEL.INK(Data; Verdi; Signifikans)

Data er datatabellen i utvalet.

Verdi er den verdien prosentdelen skal reknast av.

Signifikans er eit valfritt argument som spesifiserer kor mange signifikante (gyldige) siffer den returnerte prosentverdien skal rundast av til.

Eksempel

=PROSENTDEL.INK(A1:A50; 50) returnerer den prosentuelle plassen av verdien 50 frå det samla område av alle verdiar funne i A1:A50. Dersom 50 fell utanfor det samla området, vert det vist ei feilmelding.