Finansfunksjonar del to

For å bruka denne funksjonen …

Set inn → Funksjon → Kategori Økonomisk


Tilbake til finansfunksjonar del ein

Fram til finansfunksjonar del tre

AFKAST.DISKONTONTERT (YIELDDISC på engelsk)

Reknar ut den årlege avkastinga for eit ikkje renteberande verdipapir.

Syntaks

AVKAST.DISKONTERT(Avrekningsdato; Forfallsdato; Kurs; Innfriingskurs; Basis)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

Pris er kjøpsprisen for verdipapiret per 100 valutaeiningar av pålydande verdi.

Innløysinger innløysingsverdien per 100 valutaeiningar av pålydande verdi.

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Eit ikkje renteberande verdipapir er kjøpt den 15/2/1999 med forfall 1/3/1999. Prisen er 99,795 valutaeiningar per 100 einingar til full verdi, innløysingsverdien er 100 einingar Basis er 2. Kor høg er avkastinga?

=AVKAST.DISKONTERT("15/2/1999"; "1/3/1999"; 99,795; 100; 2) returnerer 0,052823, eller 5,2823 prosent.

AMORT (PPMT på engelsk)

Returnerer betalingssummen til oppdragsgjevaren for ein gjeven periode ut frå ei periodisk, konstant betaling og ein fast rentesats.

Syntaks

AMORT (Rente; P; Periodar; Noverdi; Sluttverdi; Type)

Rente den periodiske rentesatsen.

Periode er amortiseringsperioden. P=1 for den første og P=NPer for den siste perioden.

NPer er det totale talet på periodar det vert betalt annuitet for.

PV er noverdien i rekkja av betalingar.

FV (valfri) er den ønskte (framtidige) verdien.

Type (valfritt) definerer forfallsdato. F = 1 for betaling ved starten av ein periode og F = 0 for betaling ved slutten av ein periode.

I funksjonane i LibreOffice Calc kan ein utelata parametrar som er merkte som valfrie viss det ikkje kjem ein påfølgjande parameter. For eksempel kan du utelata parameter 4 eller parameter 3 og 4 i ein funksjon med fire parametrar, der dei siste to parametrane er merkte som valfrie, men du kan ikkje utelata berre parameter 3.

Eksempel

Kor høg er den periodiske månadlege betalinga med ein årleg rentesats på 8,75 % over ein periode på 3 år? Kontantverdien er 5.000 valutaeiningar og vert alltid betalt ved byrjinga av ein periode. Sluttverdien er 8.000 valutaeiningar.

=AMORT(8,75%/12;1;36;5000;8000;1) = -350,99 valutaeiningar.

AVDRAG (PMT på engelsk)

Returnerer den periodiske innbetalinga for ein annuitet med fast rentesats.

Syntaks

AVDRAG(Rente; Periodetal; Noverdi; Sluttverdi; Type)

Rente den periodiske rentesatsen.

Periodetal er talet på periodar som avdraga vert betalt over.

Noverdi er den noverande verdien (kontantverdien) i ein sekvens av betalingar.

Sluttverdi (valfri) er den ønskte sluttverdien (framtidige verdien) som skal vera nådd når alle betalingane er utførte.

Type (valfri) er forfallsdatoen for dei periodiske betalingane. Type=1 er betaling ved byrjinga og Type=0 er betaling i slutten av kvar periode.

I funksjonane i LibreOffice Calc kan ein utelata parametrar som er merkte som valfrie viss det ikkje kjem ein påfølgjande parameter. For eksempel kan du utelata parameter 4 eller parameter 3 og 4 i ein funksjon med fire parametrar, der dei siste to parametrane er merkte som valfrie, men du kan ikkje utelata berre parameter 3.

Eksempel

Kva er dei periodiske betalingane med ein årleg rentesats på 1,99% viss betalingstida er 3 år og kontantverdien er 25.000 valutaeiningar? Det er 36 månadar, som er 36 betalingsperiodar, og rentesatsen per betalingsperiode er 1,99% /12.

=AVDRAG(1,99%/12;36;25000) = -715,96 valutaeiningar. Den periodiske månadlege betalinga er difor 715,96 valutaeiningar.

AVKAST (YIELD på engelsk)

Reknar ut avkastinga av eit verdipapir.

Syntaks

AVKAST(Avrekningsdato; Forfallsdato; Rente; Kurs; Innløysing; Frekvens; Base)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

Rente er den årlege renta (rentefoten).

Pris er kjøpsprisen for verdipapiret per 100 valutaeiningar av pålydande verdi.

Innløysinger innløysingsverdien per 100 valutaeiningar av pålydande verdi.

Frekvens er talet på rentebetalingar per år (1, 2 eller 4).

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Eit verdipapir er kjøpt den 15. februar 1999. Det forfell den 15. januar 2007. Rentefoten er 5,75 %. Prisen er 95,04287 valutaeiningar pr. 100 einingar til full verdi, innløysingsverdien er 100 einingar. Renta vert betalt halvårleg (frekvens = 2) og basis er 0. Kor høg er avkastninga?

=AVKAST("15/2/1999"; "15/11/2007"; 0,0575; 95,04287; 100; 2; 0) returnerer 0,065 eller 6,5 prosent.

AVKAST.FORFALL (YIELDMAT på engelsk)

Reknar ut den årlege avkastinga av eit verdipapir, dette er renta som vert betalt på innløysingssdato.

Syntaks

AVKAST.FORFALL(Avrekningsdato, Forfallsdato, Emisjon, Rente, Avkasting, Basis)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

Utferding (emisjon) er datoen verdipapiret vart sett i kraft.

Rente er rentesatsen den dagen verdipapiret vart sett i kraft.

Pris er kjøpsprisen for verdipapiret per 100 valutaeiningar av pålydande verdi.

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Eit verdipapir vert kjøpt den 15. mars 1999 med forfall den 3. november 1999. Emisjonsdatoen (utgjevingsdatoen) var 8. november 1999. Rentefot 6,25 %. Prisen 100,0123 valutaeiningar. Basis er 0. Kor høg er avkastninga?

=AFKAST.FORFALL("15/3/1999"; "3/11/1999"; "8/11/1998"; 0,0625; 100,0123; 0) returnerer 0,060954 eller 6,0954 prosent.

LINAVS (SLN på engelsk)

Returnerer den lineære avskrivinga på ein verdigjenstand over ein periode. Storleiken på avskrivinga er fast i avskrivingsperioden.

Syntaks

LINAVS(kostnad; restverdi; levetid)

Kostnad er innkjøpsvedien.

Restverdi er verdien av eit aktivum ved slutten av avskrivinga.

levetid er avskrivingsperioden som bestemmer kor mange periodar avskrivinga skal innehalda.

Eksempel

Kontorutstyr med ein startkostnad på 50.000 valutaeiningar skal avskrivast over 7 år. Verdien etter afskrivinga skal vera 3.500 valutaeiningar.

=LINAVS(50000; 3,500; 84) = 553,57 valutaeiningar. Den periodiske månadlege avskrivinga på kontorudstyret er 553,57 valutaeiningar.

MODIR (MIRR på engelsk)

Returnerer den endra interne avkastingsraten for ei rekkje av investeringar.

Syntaks

MODIR(Verdi; Investering; Gjeninvesteringsrente)

Verdi svarer til områda eller cellereferansane for celler med innhald som tilsvarer betalingane.

Investering er rentefoten av investeringane (dei negative verdiane av området)

Gjeninvesteringsrente er rentesatsen for gjeninvesteringa (den positive verdien av området).

Eksempel

Viss ein går ut frå at A1 = -5, A2 = 10, A3 = 15, and A4 = 8 og ein investeringsverdi på 0,5 ein gjeninvesteringsverdi på 0,1, vert resultatet 94,16%.

MPERIODAR (MDURATION på engelsk)

Reknar ut den endra Macauley-tidslengda til eit verdipapir med fast rente i tal på år.

Syntaks

MPERIODAR(Avrekningsdato; Forfallsdato; Kupong; Avkastning; Frekvens; Basis)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

Kupong er den årlege nominelle rentesatsen (kupongrentesatsen).

Avkast er den årlege avkastninga av verdipapiret.

Frekvens er talet på rentebetalingar per år (1, 2 eller 4).

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Eit verdipapir er kjøpt den 1. januar 2001. Forfallsdagen er 1. januar 2006. Den nominelle rentefoten er 8 %. Avkastninga er 9,0 %. Rentene vert betalt halvårleg (frekvensen er 2). Kor lang er den modifiserte løpetida dersom dagleg renteutrekning (basis 3) vert brukt?

=MPERIODAR("1/1/2001"; "1/1/2006"; 0,08; 0,09; 2; 3) returnerer 4,02 år.

NNV (NPV på engelsk)

Returnerer noverdien på eit verdipapir basert på ein serie periodiske kontantbetalingar og ei diskonteringsrente. For å få nettoverdien, dreg du kostnadane for prosjektet (den inngåande kontantstraumen ved starttidspunktet) frå den returnerte verdien.

Viss betalinga skjer med ujamne intervall, bruk XIRR-funksjonen i staden.

Syntaks

NNV(Rente; Verdi1; Verdi2; …; Verdi30)

Rente er rentenivået i perioden.

Verdi1, Verdi2, …, Verdi30 er opp til 30 verdiar som representerar innskot eller uttak.

Eksempel

Kva er netto gjeldande verdi av periodiske betalingar på 10, 20 og 30 valutaeiningar med ei diskonteringsrente på 8,75%. Ved nullpunktet i tid vart omkostningane betalte som -40 valutaeiningar.

=NNV(8,75%; 10; 20; 30) = 49,43 valutaeiningar. Netto nåtidsverdi er den returnerte verdien minus startkostnaden på 40 valutaeiningar, difor 9,43 valutaeiningar.

NOMINELL (NOMINAL på engelsk)

Reknar ut den årlege nominelle renteraten, ut frå effektiv rente og talet på renteperiodar i året.

Syntaks

NOMINELL(EffektivRente; Periodar)

Effektiv rente er nettopp det, den effektive renta.

Periodar er talet på rentebetalingar per år.

Eksempel

Kva er den årlege nominelle renta når den effektive renta er 13,5 % med tolv betalingar i året?

=NOMINELL(13,5%; 12) = 12,73 %. Den nominelle renta pr. år er 12,73 %.

NOMINELL_ADD (NOMINAL_ADD på engelsk)

Reknar ut den årlege nominelle renta ut frå effektiv rente og talet på renteperiodar i året.

Merknadsikon

Funksjonane som har eit namn som endar med _ADD eller _EXEL2003 returnerer det same resultatet som dei tilsvarande funksjonane i Microsoft Excel 2003 (utan denne endinga). Bruk dei same funksjonane utan endinga for å få resultat basert på internasjonal standard.


Syntaks

NOMINELL_ADD(EffektivRente; Periodar)

EffektivRente er den effektive årlige rentefoten.

Periodar er talet på rentebetalingar per år.

Eksempel

Kva er den nominelle renta når den effektive renta er 5,3543 % med betaling kvart kvartal?

=NOMINELL_ADD(5,3543%; 4) returnerer 0,0525 eller 5,25 %.

PERIODAR (DURATION på engelsk)

Reknar ut talet på periodar det kjem til å ta før ei investering får den ønskte verdien.

Syntaks

PERIODAR(Rente; Noverdi; Sluttverdi)

Rente er ein konstant. Rentesatsen skal reknast ut for heile perioden (løpetida). Rentesatsen vert rekna ut ved å dividere rentesatsen med den utrekna løpetida. Den interne renta for ein annuitet må skrivast inn som rente/12.

Noverdi er den noverande (gjeldande) verdien. Kontantverdien er kontantinnskotet eller kontantverdien av eit naturalia. Innskotsverdien må vera ein positiv verdi, altså ikkje 0 eller mindre enn 0.

Sluttverdien er den forventa verdien. Sluttverdien bestemmer den ønskte, framtidige verdien av innskotet.

Eksempel

Med ein rentesats på 4,75 %, ein kontantverdi på 25 000 valutaeiningar og ein framtidig verdi på 1 000 000 valutaeiningar, vert løpetida på 79,49 periodar. Den periodiske betalinga vert rekna ut ved å dela den framtidige verdien på talet på periodar, i dette tilfellet 1 000 000/79,49=12.850,20.

PRIS (PRICE på engelsk)

Reknar ut marknadsverdien av eit verdipapir med fast rente og pariverdi på 100 valutaeiningar som ein funksjon av forventa avkasting.

Syntaks

PRIS(Betaling; Forfallsdato; Rente; Avkastning; Innløysing; Frekvens; Base)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

Rente er den årlege nominelle rentefoten (kupongrentesats)

Avkast er den årlege avkastninga av verdipapiret.

Innløysinger innløysingsverdien per 100 valutaeiningar av pålydande verdi.

Frekvens er talet på rentebetalingar per år (1, 2 eller 4).

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Eit verdipapir er kjøpt den 15. februar 1999. Utløpsdatoen er 15. november 2007. Den nominelle rentefoten er 5,75%. Avkastninga er 6,5%. Innløysingsverdien er 100 valutaeiningar. Renta vert betalt halvårleg (frekvens er 2). Med utrekningar på basis 0 vert prisen slik:

=PRIS("15/2/1999"; "15/11/2007"; 0,0575; 0,065; 100; 2; 0) returnerer 95,04287.

PRIS.DISKONTERT (PRICEDISC på engelsk)

Reknar ut prisen per 100 valutaeiningar av pariverdi på eit ikkje renteberande verdipapir.

Syntaks

DISKONTO(Avrekningsdato; Utløpsdato; Kurs; Innløysingskurs; Basis)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

Kurs er rabatten på eit verdipapir i prosent.

Innløysinger innløysingsverdien per 100 valutaeiningar av pålydande verdi.

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Eit verdipapir er kjøpt den 15/2/1999; utløpsdatoen er 1/3/1999. Diskonto i prosent er 5,25%. Innløysingsverdien er 100. Utrekna med Basis 2 er rabatten slik:

=PRIS.DISKONTERT("15/2/1999"; "1/3/1999"; 0,0525; 100; 2) returnerer 99,79583.

PRIS.FORFALL (PRICEMAT på engelsk)

Reknar ut prisen per 100 valutaeiningar av parierdi på eit verdipapir som gjev renter på avviklingsdagen.

Syntaks

PRIS.FORFALL(Avrekningsdato, Forfallsdato, Emisjon, Rente, Avkastning, Basis)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

Utferding (emisjon) er datoen verdipapiret vart sett i kraft.

Rente er rentesatsen den dagen verdipapiret vart sett i kraft.

Avkast er den årlege avkastninga av verdipapiret.

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Avrekningsdato: 15. februar 1999, forfallsdato: 13. april 1999, emisjonsdato: 11. november 1998, rente: 6,1 %, avkastning: 6,1 %, basis: 30/360 = 0.

Prisen vert rekna ut slik:

=PRIS.FORFALL("15/2/1999"; "13/4/1999"; "11/11/1998"; 0,061; 0,061; 0) returnerer 99,98449888.

SAMLA.HOVUDSTOL (CUMPRINC på engelsk)

Returnerer den kumulative renta som skal betalast for ein investeringsperiode med fast rentesats.

Syntaks

SAMLA.HOVUDSTOL(Rente; Periodar; Noverdi; Start; Slutt; Type)

Rente den periodiske rentesatsen.

Periodar er betalingsperioden med det samla talet på periodar. Periodar treng ikkje vere eit heiltal.

Noverdi er den gjeldande verdien i rekkja av betalingar.

Start er den første perioden.

Slutt den siste perioden.

Type er forfallsdatoen for betalinga ved byrjinga eller slutten av kvar periode.

Eksempel

Kva vert avkastninga om årsrenta er 5,5 % over 36 månadar? Kontantverdien er 15 000 valutaeiningar. Summen vert rekna ut mellom den 10. og 18. perioden. Forfallsdatoen er ved slutten av perioden.

=SAMLA.HOVUDSTOL(5,5%/12;36;15000;10;18;0) = -3669,74 valutaeiningar. Avrekningssummen mellom den 10. og 18. perioden er 3669,74 valutaeiningar.

SAMLA.HOVUDSTOL_ADD (CUMPRINC_ADD på engelsk)

Reknar ut kumulativ innløysing av eit lån i ein periode.

Merknadsikon

Funksjonane som har eit namn som endar med _ADD eller _EXEL2003 returnerer det same resultatet som dei tilsvarande funksjonane i Microsoft Excel 2003 (utan denne endinga). Bruk dei same funksjonane utan endinga for å få resultat basert på internasjonal standard.


Syntaks

SAMLA.HOVUDSTOL_ADD(Rente; Periodar; Noverdi; StartPeriode; SluttPeriode; Type)

Rente er rentenivået i perioden.

Periodar er det samla talet på betalingsperiodar. Renta og periodar må reknast ut frå same utgangspunktet. Begge må vere rekna ut anten årleg eller månadleg.

Noverdi er gjeldande verdi.

Startperiode er den første betalingsperioden i utrekningane.

Sluttperiode er den siste betalingsperioden i utrekningane.

Type er forfallsdato for ei betaling i slutten av kvar periode (Type = 0) eller ved byrjinga av perioden (Type = 1).

Eksempel

Dette lånet er tatt opp i eit hus:

Rente: 9,00 % per år (9%/12=0,0075), lengd: 30 år (betalingsperiodar = 30 * 12 = 360), noverdi: 125 000 valutaeiningar.

Kor mykje må du betale det andre året, dvs. periodane 13 til 24?

=SAMLA.HOVUDSTOL_ADD(0,0075;360;125000;13;24;0) returnerer -934,1071

Den første månaden betaler du:

=SAMLA.HOVUDSTOL_ADD(0,0075;360;125000;1;1;0) returnerer -68,27827

SAMLA.RENTE (CUMIPMT på engelsk)

Reknar ut den kumulative renteutbetalinga, altså den totale renta, for ei investering ut frå ein fast rentesats.

Syntaks

NOVERDI(Rente; Periodetal; Avdrag; Sluttverdi; Type)

Rente den periodiske rentesatsen.

Periodar er betalingsperioden med det samla talet på periodar. Periodar treng ikkje vere eit heiltal.

Noverdi er den gjeldande verdien i rekkja av betalingar.

Start er den første perioden.

Slutt den siste perioden.

Type er forfallsdatoen for betalinga ved byrjinga eller slutten av kvar periode.

Eksempel

Kva vert rentebetalingane når den årlege rentesatsen er på 5,5 %, med månadleg betaling i to år og ein nåverande kontantverdi på 5.000 valutaeiningar? Betalingsperioden byrjar med den 4. og sluttar ved den 6. perioden. Betalinga skjer ved byrjinga av kvar periode.

=SAMLA.RENTE(5,5%/12; 24; 5000; 4; 6; 1) = -57,54 valutaeiningar. Rentebetalingane mellom den 4. og 6. perioden er 57,54 valutaeiningar.

SAMLA.RENTE_ADD (CUMIPMT_ADD på engelsk)

Reknar ut den akkumulerte renta for ein periode.

Merknadsikon

Funksjonane som har eit namn som endar med _ADD eller _EXEL2003 returnerer det same resultatet som dei tilsvarande funksjonane i Microsoft Excel 2003 (utan denne endinga). Bruk dei same funksjonane utan endinga for å få resultat basert på internasjonal standard.


Syntaks

SAMLA.RENTE_ADD(Rente; Periodar; Noverdi; StartPeriode; SluttPeriode; Type)

Rente er rentenivået i perioden.

Periodar er det samla talet på betalingsperiodar. Renta og periodar må reknast ut frå same utgangspunktet. Begge må vere rekna ut anten årleg eller månadleg.

Noverdi er gjeldande verdi.

Startperiode er den første betalingsperioden i utrekningane.

Sluttperiode er den siste betalingsperioden i utrekningane.

Type er forfallsdato for ei betaling i slutten av kvar periode (Type = 0) eller ved byrjinga av perioden (Type = 1).

Eksempel

Dette lånet er tatt opp i eit hus:

Rente: 9,00 prosent per år (9% / 12 = 0,0075), løpstid: 30 år (NPER = 30 * 12 = 360), NV: 125000 valutaeiningar.

Kor mykje rente må du betala det andre året, altså for periodane 13 til 24?

=SAMLA.RENTE_ADD(0,0075; 360; 125000; 13; 24; 0) returnerer -11135,23.

Kor mykje må du betala den første månaden?

=SAMLA.RENTE_ADD(0,0075; 360; 125000; 1; 1; 0) returnerer -937,50.

TBILLAVKASTNING (TBILLYIELD på engelsk)

Reknar ut avkastinga av eit kortfrista statspapir (eit statleg verdipapir).

Syntaks

TBILLAVKASTNING(oppgjer; forfall; kurs)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret utløper (sluttar å gjelde).

Pris er kjøpsprisen for statsobligasjonen per 100 valutaeiningar av pålydande verdi.

Eksempel

Avrekningsdato: 31. mars 1999, forfallsdato: 1. juni 1999, pris 98,45 valutaeiningar.

Avkastninga for statsobligasjonen vert rekna ut slik:

=TBILLAVKASTNING("31/3/99"; "1/6/99"; 98,45) returnerer 0,091417 eller 9,1417 prosent.

TBILLPRIS (TBILLPRICE på engelsk)

Reknar ut prisen på eit kortfrista statspapir (eit statleg verdipapir) per 100 valutaeiningar.

Syntaks

TBILLPRIS(oppgjer; forfall; diskontering)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

diskontering er den prosentvise rabatten ved kjøp av verdipapiret.

Eksempel

Avrekningsdato: 31. mars 1999, forfallsdato: 1. juni 1999, diskonteringsrente: 9 prosent.

Prisen for statsobligasjonen vert rekna ut slik:

=TBILLPRIS("1999/03/31";"1999/06/01"; 0.09) returnerer 98,45.

TBILLQ

Reknar ut den årlege avkastinga på ein statsobligasjon. Ein statsobligasjon vert kjøpt på betalingsdatoen og seld for pålydande verdi på utløpsdatoen. Utløpsdatoen må vera same år. Rabatt vert drege frå kjøpsprisen.

Syntaks

TBILLEQ(oppgjer; forfall; diskontering)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

Rabatt er rabatten i prosent då verdipapiret vart kjøpt.

Eksempel

Avrekningsdato: 31. mars 1999, forfallsdato: 1. juni 1999, diskonteringsrente: 9,14 prosent.

Avkastninga for denne statsobligasjonen som svarer til eit verdipapir er rekna ut slik:

=TBILLEQ("1999/03/31";"1999/06/01"; 0,0914) returnerer 0,094151 eller 9,4151 prosent.

VALUTA.BRØK (DOLLARFR på engelsk)

Gjer om ei prisopplysning gjeve som eit desimaltal til ein blanda desimalbrøk.

Syntaks

VALUTA.BRØK(Desimal_kr; Brøkdel)

Desimal_kr er eit desimaltal.

Brøkdel er eit heiltal som vert brukt som nemnar i desimalbrøken.

Eksempel

=VALUTA.BRØK(1,125;16) konverterer til sekstenedelar. Resultatet er 1,02 for 1 pluss 2/16.

=VALUTA.BRØK(1,125; 8) konverterer til åttedelar. Resultatet er 1,1 for 1 pluss 1/8.

VALUTA.DESIMAL (DOLLARDE på engelsk)

Gjer om ei prisopplysning gjeve som ein blanda desimalbrøk til eit desimaltal.

Syntaks

VALUTA.DESIMAL(Brøkdel_kr; Brøkdel)

Brøkdel_kr er eit tal skrive som desimalbrøk.

Brøkdel er eit heiltal som vert brukt som nemnar i desimalbrøken.

Eksempel

=VALUTA.DESIMAL(1,02;16) står for 1 og 2/16. Dette returnerer 1,125.

=VALUTA.DESIMAL(1,1;8) står for 1 og 1/8. Dette returnerer 1,125.

Tilbake til finansfunksjonar del ein

Fram til finansfunksjonar del tre

Funksjonar etter kategori