Tilleggsfunksjonar

I dette avsnittet vert nokre av dei tilgjengelege tilleggsfunksjonane forklarte.

Tilleggsomgrep

I hjelp kan du også finna ein omtale av grensesnittet for tilleggsfunksjonar i LibreOffice Calc. I tillegg er viktige funksjonar og deira parametrar omtalte i hjelp for .

Tilgjengelege tilleggsfunksjonar

LibreOffice indeheld eksempel på grensesnittet for tilleggsfunksjonar i LibreOffice Calc.

Analysefunksjonar del ein

Analysefunksjonar del to

DAGAR.I.MÅNADEN (DAYSINMONTH på engelsk)

Reknar ut kor mange dagar det er i månaden som inngår i den innskrivne datoen.

Syntaks

DAGAR.I.MÅNADEN(Dato)

Dato er ein dato i den respektive månaden i det ønskte året. Datoparameteren må vera ein gyldig dato ut frå dei lokale innstillingane i LibreOffice

Eksempel

DAGAR.I.MÅNADEN(A1) returnerer 29 dagar viss A1 inneheld 17/2/68, som er ein gyldig dato i februar 1968.

DAGAR.I.ÅRET (DAYSINYEAR på engelsk)

Reknar ut kor mange dagar det er i det året den innskrivne datoen finst i.

Syntaks

DAGAR.I.ÅRET(Dato)

Dato er ein av alle datoar i det aktuelle året. Datoen må vera ein gyldig dato ut frå dei lokale innstillingane i LibreOffice.

Eksempel

DAGAR.I.ÅRET(A1) returnerer 366 dagar viss A1 inneheld 29/2/68, som er ein gyldig dato i året 1968.

ER.SKOTÅR (ISLEAPYEAR på engelsk)

Bestemmer om eit år er et skotår eller ei. Viss ja, vil funksjonen returnere verdien 1 (SANN). Viss nei, vil funksjonen returnere 0 (USANN).

Syntaks

ER.SKOTÅR(Dato)

Dato viser om ein gjeven dato er i eit skotår. Datoparametra må vere ein gyldig dato.

Eksempel

=ER.SKOTÅR(A1) returnerer 1, viss A1 inneheld 29/2/1968, som er den gyldige datoen 29. februar 1968 i dei lokale innstillingane.

Du kan også bruka =ISLEAPYEAR(DATE(1968;2;29)) eller =ISLEAPYEAR("1968-02-29") i ISO 8601-notasjon.

Bruk aldri ER.SKOTÅR(29/2/68), fordi dette først vil dividere 29 med 2 og så dividere resultatet med 68 for til slutt finna ut om resultatet (som datotal) er eit skotår.

MÅNADAR (MONTHS på engelsk)

Reknar ut skilnaden i månadar mellom to datoar.

Syntaks

MÅNADAR(Startdato; Sluttdato; Type)

Startdato er den første datoen

Data2 er det andre datasettet.

Type reknar ut typen av skilnad. Moglege verdiar er 0 (intervall) og 1 (i kalendermånadar).

ROT13 (ROT13 på engelsk)

Krypterer ein bokstavstreng ved å flytta bokstavane 13 plassar i alfabetet. Etter siste bokstav i alfabetet byrjar han frå starten (rotasjon). Ved å bruka krypteringsfunksjonen på den krypterte koden, kan du dekryptera teksten.

Syntaks

ROT13(Tekst)

Tekst er tekststrengen som skal krypterast. ROT13(ROT13(Tekst)) dekrypterer koden.

TAL.PÅ.ÅR (YEARS på engelsk)

Reknar ut skilnaden i år mellom to datoar.

Syntaks

TAL.PÅ.ÅR(Startdato; Sluttdato; Type)

Startdato er den første datoen

Data2 er det andre datasettet.

Type: reknar ut skilnadstypen. Moglege verdiar er 0 (intervall) og 1 (i kalenderår).

VEKER (WEEKS på engelsk)

Reknar ut skilnaden i veker mellom to datoar.

Syntaks

VEKER(Startdato; Sluttdato; Type)

Startdato er den første datoen

Data2 er det andre datasettet.

Type: Reknar ut skilnadstypen. Moglege verdiar er 0 (intervall) og 1 (tal på veker).

VEKER.I.ÅRET (WEEKSINYEAR på engelsk)

Reknar ut kor mange veker det er i det året den innskrivne datoen finst i. Talet på veker er definert slik: Ei veke som går over to år vert lagt til det året som inneheld flest dagar i denne veka.

Syntaks

VEKER.I.ÅRET(Dato)

Dato er alle datoar i eit visst år. Datoparameteren må vera ein gyldig dato i høve til dei lokale innstillingane for LibreOffice.

Eksempel

VEKER.I.ÅRET(A1) returnerer 53 viss A1 inneheld 17/2/70, som er ein gyldig dato i året 1970.

Tilleggsfunksjonar via LibreOffice API

Tilleggsfunksjonar kan også leggjast inn via LibreOfficeAPI.