Logiske funksjonar

Denne kategorien handlar om dei logiske funksjonane.

Handsaming av ikkje-logiske argument i logiske funksjonar

For å bruka denne funksjonen …

Set inn → Funksjon → Kategori Logisk


ANTEN.ELLER (XOR på engelsk)

Returnerer SANN viss eit oddetal argument vert evaluerte til SANN.

Argumenta er anten sjølv logiske uttrykk (SANN, 1<5, 2+3=7, B8<10) som returnerer logiske verdiar eller tabellar (A1:C3) som inneheld logiske verdiar.

Syntaks

ANTEN.ELLER(LogiskVerdi1; LogiskVerdi2; …LogiskVerdi30)

Eksempel

=ANTEN.ELLER(SANN; SANN) returnerer USANN.

=ANTEN.ELLER(SANN; SANN;SANN) returnerer SANN.

=ANTEN.ELLER(USANN; SANN) returnerer SANN.

NOT

Inverterer den logiske verdien.

Syntaks

IKKJE(LogiskVerdi)

LogiskVerdi er ein vilkårleg verdi som kan negerast.

Eksempel

=IKKJE(A). Dersom A=SANN vil IKKJE(A) vere USANN.

OG (AND på engelsk)

Returnerer SANN om alle argumenta er SANN. Dersom eitt av elementa er USANN, returnerer denne funksjonen verdien USANN.

Argumenta er anten logiske uttrykk i seg sjølv (SANN, 1<5, 2+3=7, B8<10) som returnerer logiske verdiar, eller celleområde (A1:C3) som inneheld logiske verdiar.

Syntaks

OG(LogiskVerdi1; LogiskVerdi2 ...LogiskVerdi30)

LogiskVerdi1; LogiskVerdi2 ...LogiskVerdi30 er vilkår som skal undersøkjast. Kvart vilkår kan vera anten SANN eller USANN. Dersom eit område er oppgjeve som ein parameter, vert verdien frå den cella som er i den same kolonnen eller rada som formelen er i brukt. Resultatet er SANN dersom den logiske verdien i alle cellene inne i celleområdet er SANN.

Eksempel

Dei logiske verdiane av postane 12<13; 14>12, og 7<6 skal kontrollerast:

=OG(12<13; 14>12; 7<6) returnerer USANN.

=OG(USANN; SANN) returnerer USANN.

OR

Returnerer SANN om minst eitt argument er SANN. Denne funksjonen returnerer verdien USANN dersom alle argumenta har den logiske verdien USANN.

Argumenta er anten logiske uttrykk i seg sjølv (SANN, 1<5, 2+3=7, B8<10) som returnerer tilbake logiske verdiar, eller celleområde (A1:C3) som inneheld logiske verdiar.

Syntaks

ELLER(LogiskVerdi1; LogiskVerdi2 ...LogiskVerdi30)

LogiskVerdi1; LogiskVerdi2; ...LogiskVerdi30 er vilkår som skal kontrollerast. Kvart vilkår kan vera anten SANN eller USANN. Dersom det vert gjeve eit område som parameter, vil funksjonen bruka alle verdiane i området.

Eksempel

Dei logiske verdiane i postane 12<11; 13>22 og 45=45 skal kontrollerast:

=ELLER(12<11; 13>22; 45=45) returnerer SANN.

=ELLER(USANN; SANN) returnerer SANN.

TRUE

Den logiske verdien er sett til SANN. SANN()-funksjonen krev ingen argument og returnerer alltid den logiske verdien SANN

Syntaks

SANN() (TRUE på engelsk)

Eksempel

Dersom A=SANN og B=USANN får vi følgjande eksempel:

=OG(A; B) returnerer USANN

=ELLER(A; B) returnerer SANN

=IKKJE(OG(A; B)) returnerer SANN

USANN (FALSE på engelsk)

Returnerer den logiske verdien USANN. USANN()-funksjonen treng ingen argument og returnerer alltid den logiske verdien usann.

Syntaks

USANN()

Eksempel

=USANN() returnerer USANN

=IKKJE(USANN()) returnerer SANN

VISS (IF på engelsk)

Gjev ein logisk test som skal utførast.

Syntaks

VISS(LogiskTest; VerdiVissSann; VerdiVissUsann)

LogiskTest er ein vilkårleg verdi eller eit vilkårleg uttrykk, som kan vere SANN eller USANN.

VerdiVissSann (valfri) er den verdien som vert returnert viss den logiske testen er SANN.

VerdiVissUsann (valfri)er den verdien som vert returnert viss den logiske testen er USANN.

I funksjonane i LibreOffice Calc kan ein utelata parametrar som er merkte som valfrie viss det ikkje kjem ein påfølgjande parameter. For eksempel kan du utelata parameter 4 eller parameter 3 og 4 i ein funksjon med fire parametrar, der dei siste to parametrane er merkte som valfrie, men du kan ikkje utelata berre parameter 3.

Eksempel

=VISS(A1>5;100;"for lite") Dersom verdien i A1 er høgare enn 5, vert verdien 100 vist i den gjeldande cella; elles vert teksten «for lite» (utan sitatteikna) vist.