Finansfunksjonar del ein

Dette avsnittet inneheld dei matematiske finansfunksjonane i LibreOffice Calc.

AMORDEGRC

Reknar ut avskrivinga for ein oppgjersperiode ved bruk av degressiv avskriving. I motsetnad til AMORLINC, vert det brukt ein avskrivingskeffisient som er uavhengig av avskrivingsperioden.

Syntaks

AMORDEGRC(Kostnadar; Innkjøpsdato; Første periode; Restverdi; Periode; Sats; Basis)

Kostnad er innkjøpskostnadene.

Innkjøpsdato er datoen for innkjøpet.

Første periodeer sluttdatoen for den første avrekningsperioden.

Restverdi er verdien av kapitalen ved slutten av avskrivingstida. (Skattemetode i USA)

Periode er den gjeldande avrekningsperioden.

Rente er avskrivingssatsen

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


AMORLINC

Reknar ut avskrivinga for ein oppgjersperiode ved bruk av lineær avskriving. Dersom eigedelen er kjøpt i oppgjersperioden, vert den proporsjonale avskrivinga teke med i utrekninga.

Syntaks

AMORLINC(Kostnadar; Dato; FørstePeriode; Restverdi; Periode; Rate; Basis)

Kostnad er innkjøpskostnadene.

Innkjøpsdato er datoen for innkjøpet.

Første periodeer sluttdatoen for den første avrekningsperioden.

Restverdi er verdien av kapitalen ved slutten av avskrivingstida. (Skattemetode i USA)

Periode er den gjeldande avrekningsperioden.

Rente er avskrivingssatsen

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


DAVSKR

Reknar ut avskrivinga av ein verdigjenstand for ein bestemt periode ved hjelp av saldometoden.

Denne forma for avskriving vert brukt dersom du vil få ein høgare avskrivingsverdi i byrjinga av avskrivinga (i motsetnad til lineær avskriving). Avskrivingsverdien vert redusert ved alle avskrivingsperiodane heilt frå den opphavlege omkostninga.

Syntaks

DAVSKR(Kjøpspris; Restverdi;Levetid;Periode;Månad)

Kjøpspris er innkjøpsverdien.

Restverdi er verdien av eit aktivum ved slutten av avskrivinga.

Levetid er den perioden aktivumet vert avskriven over.

Periode er lengda av kvar periode. Lengda skal skrivast inn i same datoeining som avskrivingsperioden.

Månad (valfri) er kor mange månadar for det første året av avskrivinga. 12 er standard.

Eksempel

Eit datasystem med ein startkostnad på 25.000 valutaeiningar skal avskrivast over tre år. Restverdien skal vere 1.000 valutaeiningar. Ein periode er 30 dagar.

=DB(25000;1000;36;1;6) = 1.075,00 valutaeiningar

Den fastavtakande avskrivinga av datasystemet er 1.075,00 valutaeiningar.

DEGRAVS (DDB på engelsk)

Reknar ut avskrivinga av ein verdigjenstand for ein bestemt periode ved hjelp av aritmetisk-degressiv avskriving.

Bruk denne forma for avskriving dersom du treng ein høgare start-avskrivingsverdi i motsetnad til lineær avskriving. Avskrivingsverdien vert mindre for kvar periode. Denne avskrivingsforma vert til vanleg brukt for eigedelar der verditapet er høgast like etter innkjøpet (for eksempel, køyretøy, datamaskiner). Merk at den bokførte verdien aldri vil nå null ved denne berekningstypen.

Syntaks

DEGRAVS(Kjøpspris; Restverdi; Levetid; Periode; Faktor)

Kjøpspris er startkostnadane.

Restverdi er verdien av eit aktiva ved slutten av levetida for det.

Levetid er talet på periodar (for eksempel år eller månadar) som viser kor lenge ein reknar med at aktivet er i bruk.

Periode er perioden verdien skal reknast ut for.

Faktor (valfri) er den faktoren som avskrivinga minkar med. Dersom det ikkje vert skrive noko her, vert standardfaktoren 2 brukt.

Eksempel

Eit datasystem med ein startkostnad på 75.000 valutaeiningar kan avskrivast månadleg over fem år. Verdien etter avskrivinga er sett til 1 valutaeining. Faktoren er 2.

=DSA(75000;1;60;12;2) = 1.721,81 valutaeiningar. Den dobbeltavtakande avskrivinga i den tolvte månaden etter kjøpet er 1.721,81 valutaeiningar.

DISKONTERT (DISC på engelsk)

Reknar ut frådraget for eit verdipapir i prosent.

Syntaks

DISKONTERT(Avrekningsdato; Forfallsdato; Kurs; Innfriingskurs; Basis)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Forfallsdato er datoen då verdipapiret går ut (sluttar å gjelde).

Pris er prisen på verdipapiret per 100 valutaeiningar av pålydande.

Gjenkjøp er gjenkjøpsverdien av verdipapiret per 100 valutaeiningar av pålydande verdi.

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Ei forsikring er kjøpt den 25. januar 2001. Sluttdatoen er 15. november 2001. Kjøpsprisen er 97. Innløysingsverdien er 100. Ved å rekne ut den daglege balanse (base 3), kor stort er avslaget?

=DISKONTERT("2001-01-25";"2001-11-15";97;100;3) returnerer ca. 0,0372 eller 3,72 prosent.

EFFEKTIV (EFFECTIVE på engelsk)

Returnerer den årlege nettorenta for ei nominell rente.

Nominell rente vert rekna ut for ei rentebetaling ved slutten av utrekningsperioden. Effektiv rente aukar når talet på betalingar aukar. I praksis vert renta ofte betalt på førehand, f.eks. kvar månad eller kvart kvartal, før slutten av den avtalte utrekningsperioden.

Syntaks

EFFEKTIV(NOM; P)

Nom er den nominelle renta.

P er talet på rentebetalingar per år.

Eksempel

Dersom den årlege nominelle rentesatsen er 9,75% og fire renteutrekningsperiodar er definert, hva er da den faktiske rentesatsen (effektive rente)?

=EFFEKTIV(9,75%;4) = 10,11%. Den effektive renta er såleis 10,11%.

EFFEKT_ADD

Reknar ut den årlege effektive renta, ut frå nominell rente og talet på renteperiodar kvart år.

Merknadsikon

Funksjonane som har eit namn som endar med _ADD eller _EXEL2003 returnerer det same resultatet som dei tilsvarande funksjonane i Microsoft Excel 2003 (utan denne endinga). Bruk dei same funksjonane utan endinga for å få resultat basert på internasjonal standard.


Syntaks

EFFEKT_ADD(Nominell_rente;P)

Nominell_rente er den årlege nominelle renta.

Periodar er talet på rentebetalingar per år.

Eksempel

Kva er den effektive årlege renta når den nominelle renta er sett til 5,25% og kvartalvis innbetaling?

=EFFEKT_ADD(0,0525;4) returnerer 0,053543 eller 5,3543%.

ER.AVDRAG (ISPMT på engelsk)

Reknar ut rentesatsen for uendra avskrivingsavdrag.

Syntaks

ER.AVDRAG(Rente; Periode; TotalPeriodar; Investering)

Rente den periodiske rentesatsen.

Periode er talet på amorteringsperiodar for utrekning av rentene.

TotalPeriodar er talet på avdragsperiodar.

Investering er storleiken på investeringa.

Eksempel

Vi ønskjer å rekne ut kva rentesatsen vert etter 1,5 år når kredittsummen er på 120.000 valutaeiningar med to års løpetid, månadlege avbetaling og ein årleg rentesats på 12 %.

=ER.AVDRAG(1%;18;24;120000) = -300 valutaeiningar. Månadsrenta etter 1,5 år er 300 valutaeiningar.

IR (IRR på engelsk)

Reknar ut den interne avkastingsraten for ei investering. Verdiane representerer kontantstraumen ved regelbundne intervall. Minst éin verdi må vera negativ (utbetalingar) og minst éin må vera positiv (innbetalingar).

Viss betalinga skjer med ujamne intervall, bruk XIRR-funksjonen.

Syntaks

IR(Verdiar; Gjett)

Verdiar representerer eit område som inneheld verdiane.

Gjett (valfri) er den estimerte verdien. Det vert brukt ein interaktiv metode for å rekna ut den interne renta. Dersom du berre kan leggja til nokre få verdiar her, bør du skriva inn ein tilfeldig verdi for å aktivera gjennomkøyringa.

Eksempel

Dersom ein går ut frå at celleindhaldet er A1=-10000, A2=3500, A3=7600 og A4=1000, vil formelen =IA(A1:A4) gje resultatet 11,33%.

Åtvaringsikon

På grunn av den interaktive metoden som vert brukt, kan IRR feila og returnere Feil 523 med meldinga «Utrekninga konvergerer ikkje» i statuslinja. Prøv ein annan verdi for giss dersom du får denne meldinga.


MOTTEKEN.AVKAST (RECEIVED på engelsk)

Reknar ut kor mykje som er betalt for eit verdipapir med fast rente på eit gjeve tidspunkt.

Syntaks

MOTTEKEN.AVKAST("Avrekningsdato"; "Utløpsdato"; Investering; Diskonto; Basis)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

Investering er kjøpssummen.

Rabatt er rabatten i prosent då verdipapiret vart kjøpt.

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Avrekningsdato: 15. februar 1999, forfallsdato: 15. mai 1999, investering: 1000 valutaeiningar, rabatt: 5,75 prosent, basis: dagleg balanse/360 = 2.

Summen som er tilgjengeleg på utløpsdatoen er rekna ut slik:

=MOTTEKEN.AVKAST("1999-02-15";"1999-05-15";1000;0,0575;2) returnerer 1014,420266.

NOVERDI (PV på engelsk)

Returnerer noverdien av ei investering ut frå ein serie faste betalingar.

Bruk denne funksjonen for å rekna ut kor mykje pengar som skal investerast til ei fast rente i dag for å verta til ein bestemt sum (ein annuitet) over kor mange periodar. Du kan også sjå kor mykje pengar som er igjen etter ein gjeven periode. Spesifiser også om betalingane skal skje ved byrjinga eller slutten av perioden.

Skriv inn desse verdiane anten som tal, uttrykk eller referansar. Dersom t.d. renta vert utbetalt årleg med 8%, men du vil bruka månad som din periode, skriv inn 8%/12 under Rente og LibreOffice Calc reknar automatisk ut den korrekte faktoren.

Syntaks

NOVERDI(Rente; Periodetal; Avdrag; Sluttverdi; Type)

Rente er rentenivået i perioden.

Periodetal er talet på betalingsperiodar.

Avdrag er kor stort kvart avdrag er.

Sluttverdi (kan sløyfast) er sluttverdien etter siste avdrag.

Type (kan sløyfast) er når avdraga skal betalst. Type = 1: Betalinga skjer først i perioden. Type = 0 (normalinnstillinga): Betalinga skjer sist i perioden.

I funksjonane i LibreOffice Calc kan ein utelata parametrar som er merkte som valfrie viss det ikkje kjem ein påfølgjande parameter. For eksempel kan du utelata parameter 4 eller parameter 3 og 4 i ein funksjon med fire parametrar, der dei siste to parametrane er merkte som valfrie, men du kan ikkje utelata berre parameter 3.

Eksempel

Kva er den nåverande verdien av ei investering dersom 500 valutaeiningar vert utbetalte kvar månad og den årlege rentesatsen er 8%? Betalingsperioden er 48 månadar og 20.000 valutaeiningar er igjen ved slutten av betalingsperioden.

NOVERDI(8%/12;48;500;20000) = -35.019,37 valutaeiningar. Under dei gjevne vilkåra skal du setja inn 35.019,37 valutaeiningar i dag dersom du vil motta 500 valutaeiningar per månad i 48 månadar og ha 20.000 valutaeiningar igjen til slutt. Etterkontroll viser at 48 x 500 valutaeiningar + 20.000 valutaeiningar = 44.000 valutaeiningar. Skilnaden mellom denne summen og dei innsette 35.000 valutaeiningane er den betalte renta.

Viss du skriv inn referansar i staden for verdiar i formelen, kan du rekna ut «dersom-så» scenario. Merk: tilvisingar til konstantar må skrivast inn som absolutte referansar. Eksempel på denne typen bruk finn du under avskrivingsfunksjonane.

PERIODAR_ADD

Reknar ut tidslengd for eit verdipapir med fastrente i år.

Merknadsikon

Funksjonane som har eit namn som endar med _ADD eller _EXEL2003 returnerer det same resultatet som dei tilsvarande funksjonane i Microsoft Excel 2003 (utan denne endinga). Bruk dei same funksjonane utan endinga for å få resultat basert på internasjonal standard.


Syntaks

PERIODAR_ADD("Avrekningsdato"; "Forfallsdato"; Kupong; Avkast; Frekvens; Basis)

Avrekningsdato er datoen verdipapiret vart kjøpt.

Utløpsdato er datoen då verdipapiret forfell (sluttar å gjelde).

Kupong er den årlege kupongrenta (nominell rente)

Avkast er den årlege avkastninga av verdipapiret.

Frekvens er talet på rentebetalingar per år (1, 2 eller 4).

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Eit verdipapir er kjøpt den 2001-01-01; utløpsdatoen er 2006-01-01. Den nominelle rentefoten er 8%. Avkastninga er 9,0%. Renta vert betalt halvårleg (frekvens er 2). Kor lang er løpetida om det vert brukt dagleg renteutrekning (basis 3)?

=PERIODAR_ADD("2001-01-01";"2006-01-01";0.08;0.09;2;3)

PÅLØPT.FORFALLSRENTE

Reknar ut opptent rente på eit verdipapir med eingongsutbetaling på oppgjersdagen.

Syntaks

PÅLØPT.FORFALLSRENTE(utferding; oppgjer; rate; pariverdi; basis)

Utferding: (emisjon) (nødvendig) er datoen verdipapiret vart sett i kraft.

Avrekningsdato (nødvendig) er den datoen som den opptente renta opp til eit visst tidspunkt skal reknast ut frå.

Rente (nødvendig) er den nominelle årsrenta (kupongrenta).

Pålydande verdi (valfri) er den pålydande verdien av verdipapiret.

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Eit verdipapir vert utskrive den 1. april 2001. Forfallsdagen er set til 15. juni 2001. Nominell rente er 0,1 eller 10 % og pålydande verdi er 1000 kr. Basis for dei daglege/årlege utrekningane er den daglege saldoen (3). Kor mykje er dei opptente rentene?

=PÅLØPT.FORFALLSRENTE("2001-04-01";"2001-06-15";0.1;1000;3) returnerer 20.54795.

PÅLØPT.PERIODISK.RENTE (ACCRINT på engelsk)

Reknar ut opptent rente for eit verdipapir i tilfelle med periodisk betaling.

Syntaks

PÅLØPT.PERIODISK.RENTE(Emisjon; FørsteRentetermin; Oppgjersdato; Rente; PålydandeVerdi; Frekvens; Basis)

Utferding: (emisjon) (nødvendig) er datoen verdipapiret vart sett i kraft.

Første_rentetermin (nødvendig) er den første renteterminen for verdipapiret.

Avrekningsdato (nødvendig) er den datoen som den opptente renta opp til eit visst tidspunkt skal reknast ut frå.

Rente (nødvendig) er den årlege nominelle rentefoten (kupongrentesats)

Pålydande verdi (valfri) er den pålydande verdien av verdipapiret.

Frekvens (nødvendig) er talet på rentebetalingar per år (1, 2 eller 4).

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


Eksempel

Eit verdipapir er utferda 2001-02-28. Første rentetilskriving er set til til 2001-08-31. Avrekningsdatoen er 2001-05-01. Renta er 0,1 eller 10%, og pålydande verdi er 1000 valutaeiningar. Renta vert betalt halvårleg (frekvens er 2). Grunnlaget er US-metoden (0). Kor mykje er renta komen opp i?

=PÅLØPT.PERIODISK.RENTE("2001-02-28";"2001-08-31";"2001-05-01";0.1;1000;2;0) returnerer 16.94444.

ÅRSAVS (SYD på engelsk)

Returnerer den aritmetisk-degressive avskrivingsraten

Bruk denne funksjonen for å rekne ut avskrivingsdelen for ein periode i den totale avskrivingstida for eit objekt. Ved aritmetisk avtakande avskriving vert avskrivingssummen redusert frå periode til periode med ein konstant sum.

Syntaks

ÅRSAVS(Kostnad; Restverdi; Levetid; Periode)

Kostnad er innkjøpsvedien.

Restverdi er verdien etter avskrivinga.

Levetid er levetida uttrykt i talet på avskrivingsperiodar.

Periode er perioden som avskrivinga skal reknast ut for.

Eksempel

Eit videosystem kostar 50.000 valutaeiningar og skal avskrivast årleg over fem år. Restverdien skal vere 10.000 valutaeiningar. Du vil rekne ut avskrivinga for det første året.

=ÅRSAVS(50000;10000;5;1)=13,333.33 valutaeiningar. Avdraga det første året utgjer 13.333,33 valuttaeiningar.

For å få ei oversikt over avskrivingane per periode, bør du definera ein avskrivingstabell. Ved å skriva inn dei ulike avskrivingsformlane ved sida av kvarandre i LibreOffice Calc, er det lett å sjå kva for formel som passar best. Skriv inn tabellane slik:

A

B

C

D

E

1

Startkostnad

Restverdi

Livslengd

Tidsperiode

Verdiforringing ÅRSAVS

2

50.000 valutaeiningar

10.000 valutaeiningar

5

1

13.333,33 valutaeiningar

3

2

10.666,67 valutaeiningar

4

3

8.000,00 valutaeiningar

5

4

5.333,33 valutaeiningar

6

5

2.666,67 valutaeiningar

7

6

0,00 valutaeiningar

8

7

9

8

10

9

11

10

12

13

>0

Total

4.000,00 valutaeiningar


Formelen i E2 er slik:

=ÅRSAVS($A$2;$B$2;$C$2;D2)

Denne formelen er duplisert i kolonne E ned til E11 (merk E2, dra så ned i nedste høgre hjørnet med musa).

Celle E13 inneheld formelen som er brukt for å kontrollera avskrivningstotalen. Her bruker ein SUMMER.VISS-funksjonen fordi dei negative verdiane i E8:E11 ikkje skal reknast med. Vilkåret > 0 er ein del av celle A13. Formelen i E13 er slik:

=SUMMER.VISS(E2:E11;A13)

Sjå nå på avskrivinga over ein 10-årsperiode eller ved ein restverdi på 1 valutaeiningar eller skriv inn andre startkostnadar osv.

Finansfunksjonar del to

Finansfunksjonar del tre

Funksjonar etter kategori