Dato- og klokkeslettfunksjonar

Desse reknearksfunksjonane vert brukte for å setja inn og redigera datoar og klokkeslett.

For å bruka denne funksjonen …

Set inn → Funksjon → Kategori Dato og klokkeslett


Merknadsikon

Funksjonane som har eit namn som endar med _ADD eller _EXEL2003 returnerer det same resultatet som dei tilsvarande funksjonane i Microsoft Excel 2003 (utan denne endinga). Bruk dei same funksjonane utan endinga for å få resultat basert på internasjonal standard.


Internt handsamar LibreOffice datoar og klokkeslett som ein numerisk verdi. Dersom du set formatet for ei celle som inneheld ein dato eller eit klokkeslett til «Tal», vert innhaldet i cella vist som tal. For eksempel vert 01.01.2000 12:00 (1. januar 2000 kl 12:00) omforma til 36526,5. Verdien framføre desimalkommaet er datoen og tala etter kommaet er klokkeslettet. Ønskjer du å sjå datoar og klokkeslett i meir normal vising, må du endra formatet for cella. Dette gjer du ved å høgreklikka i cella og velja Formater celler i sprettoppmenyen. Her vel du ønskt vising i fana Tal.

Basisdato for dag null

Datoar vert rekna ut ut frå ein bestemt startdag. Her bestemmer du kva for ein av desse dagane som skal vera utgangspunktet for utrekningane:

Basisdato

Bruk

'30/12/1899'

(standard)

'01/01/1900'

(brukt i tidlegare StarCalc 1.0)

'01/01/1904'

(brukt i Apple-programvare)


Vel - LibreOffice Calc → Rekn ut for å velja basisdato.

Åtvaringsikon

Når du kopierer og set inn celler som inneheld datoverdiar mellom ulike rekneark, må begge reknearksdokumenta bruka same basisdato. Dersom basisdatoane er ulike, vil datoverdien forandra seg!


Tosifra årstal

I → LibreOffice → Generelt finn du området År (to siffer). Dette set perioden som tosifra årstal skal gjelda for. Legg merkje til at endringar gjort her vil påverka nokre av dei følgjande funksjonane.

Merknadsikon

Når datoar vert skrivne inn som ein del av ein formel, vert skråstrekar og bindestrekar oppfatta som matematiske teikn. Difor vert datoar som inneheld desse teikna ikkje oppfatta som datoar, noko som fører til feil i utrekningane. For at datoar skal oppfattast som datoar, bruk DATO-funksjonen, for eksempel DATO(1954;7;20) eller bruk ISO 8601-notasjon i doble hermeteikn, for eksempel "1954-07-20". Ikkje bruk lokale skrivemåtar som for eksempel "20.07.54" sjølv om dei kanskje fungerer korrekt i oppsettet ditt. På andre maskiner med anna oppsett for datoar, kan dette føre til feil.


Funksjonar

ABEIDSDAG

ÅRDEL

DATO

DATODIFF

DATOVERDI

DAG.ETTER

IDAG

ÅR

NO

ISOVEKENR

VEKENR

VEKENR_OOO

VEKENR_EXEL2003

MINUTT

MÅNAD

MÅNADSSLUTT

NETTO.ARBEIDSDAGAR

NETTO.ARBEIDSDAGAR.INTL

ARBEIDSDAGAR.INTL

PÅSKEDAG

SEKUND

TIME

DAG

DAGAR

DAGAR360

VEKEDAG

TID

TIDSVERDI