Funksjonsvegvisar

Opnar vegvisaren for funksjonar som hjelper deg med å laga formlar. Før du opnar vegvisaren bør du merkja ei celle eller eit celleområde frå arket som formelen skal setjast inn i.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Funksjon

+ F2

Formellinja trykkjer du på

Ikon

Funksjonsvegvisar


Merknadsikon

Du kan lasta ned heile spesifikasjonen for ODFF (OpenDocument Format Formula) frå OASIS-nettstaden.


Funksjonsvegvisaren har to faner: Funksjonar vert brukt for å oppretta formlar, og Struktur vert brukt for å kontrollera oppbyggjinga av formelen.

Funksjonsfana

Søk

Søk på ein del av funksjonsnamnet.

Kategori

Viser alle dei kategoriane som dei ulike funksjonane er tildelte. Vel ein kategori for å visa dei tilsvarande funksjonane i listefeltet nedanfor. Vel «Alle» for å sjå alle funksjonane i alfabetisk rekkjefølgje uavhengig av kategori. «Sist brukt» viser dei funksjonane du brukte sist.

Du kan søkja i heile Liste over kategoriar og funksjonar

Funksjon

Denne lista viser funksjonane i den valde kategorien. Dobbeltklikk for å velja ein funksjon. Eit enkeltklikk viser ei kort skildring av funksjonen.

Matrise

Gjer at den valde funksjonen vert sett inn i det valde celleområdet som ein matriseformel. Matriseformlar opererer på fleire celler. Kvar celle i rekkja inneheld formelen, ikkje som ein kopi men som ein sams formel delt av alle matrisecellene.

Matrise (array) er identisk med kommandoen «+Shift+Enter», som vert brukt til å skriva inn og bekrefte formler i arket: Formelen vert set inn som ein matriseformel. Dette vert indikert ved at formelen er omslutta av to klammeparentesar { }.

Merknadsikon

Den maksimale storleiken til eit matriseområde er 128 x 128 celler.


Inntastingsfelt for argument

Når du dobbeltklikkar ein funksjon, vert skrivefelta for argument viste til høgre i dialogvindauget. Du kan velja ein cellereferanse som eit argument ved å trykkja direkte i cella eller merkja eit område i arket medan du held nede museknappen. Du kan også skriva numeriske og andre verdiar eller referansar direkte inn i dei tilsvarande felta i dialogvindauget. Når du brukar datooppføringar, må du passa på at du brukar det rette formatet. Trykk OK for å setja resultatet inn i reknearket.

Krymp / Maksimer

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon

Krymp

Ikon

Maksimer

Funksjonsresultat

Resultatet vert rekna ut med ein gong når du skriv inn argument i funksjonen. Denne førehandsvisinga informerer deg om utrekninga kan utførast med dei gjevne argumenta. Viss argumenta resulterar i ein feil, vert den tilsvarende feilkoden vist.

Dei obligatoriske argumenta vert viste med halvfeit skrift.

f(x) (avhengig av den valde funksjonen)

Gjev deg tilgang til eit underordna nivå av funksjonsvegvisaren slik at du kan fletta inn ein annan funksjon i funksjonen i staden for ein verdi eller ein referanse.

Argument/parameter/cellereferanse (avhengig av den valde funksjonen)

Talet på synlege tekstfelt avhenger av funksjonen. Skriv inn argument anten direkte i argumentfelta eller ved å klikka på ei celle i tabellen.

Resultat

Viser resultatet av utrekninga eller ei feilmelding.

Formel

Viser den oppretta formelen. Du kan skriva inn direkte eller laga formelen med hjelp av vegvisaren.

Tilbake

Flytter fokus bakover gjennom formelkomponentane og mekjer dei.

Tipsikon

For å velja ein enkelt funksjon frå ein kompleks formel som er set saman av fleire funksjonar, dobbeltklikk på funksjonen i formelvindauget.


Neste

Flyttar framover gjennom formelkomponentane i formelvindauget. Denne knappen kan òg brukast til å tildela funksjonar til formelen. Om du vel ein funksjon og trykkjer på Neste-knappen, dukkar funksjonen opp i formelvindauget.

Tipsikon

Dobbeltklikk på ein funksjon i utvalsvindauget for å overføra den til formelvindauget.


OK

Avsluttar funksjonsvegvisaren og overfører formelen til dei merkte cellene.

Avbryt

Lukker dialogvindauget utan å overføra formelen.

Strukturfane

På denne sida kan du sjå strukturen til funksjonen.

Merknadsikon

Viss du opnar Funksjonsvegvisaren når cellemarkøren er plassert i ei celle som inneheld ein funksjon frå før, vert oppbygninga av den gjeldande formelen vist i fana Struktur.


Struktur

Viser funksjonen hierarkisk. Du kan visa eller gøyma argument ved å klikka på pluss- eller minusteiknet framføre.

Merknadsikon

Blå prikkar viser korrekt innskrivne argument. Raude prikkar viser ukorrekte datatypar. Viss for eksempel eit av argumenta til SUMMER-funksjonen er skrive inn som tekst, vert dette vist i raudt fordi SUMMER berre tillet inntasting av tal.