Set inn celler

Opnar dialogvindauget Set inn celler . Der kan du setja inn nye celler ut frå innstillingane du gjer.Du kan sletta celler med Rediger → Slett celler.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Celler

Opna verktøylinja Set inn celle frå Verktøylinja:

Ikon

Set inn celle


Merking

Dette området inneheld dei tilgjengelege innstillingane for å setja inn celler i eit ark. Talet på og plasseringa av cellene vert definert ved å markera eit celleområde i arket på førehand.

Flytt celler nedover

Flyttar innhaldet i det merkte området nedover ved innsetjing av celler.

Ikon

Set inn celler nedanfor

Flytt celler til høgre

Flyttar innhaldet i det merkte området til høgre ved innsetjing av celler.

Ikon

Set inn celler til høgre

Heile rada

Set inn ei heil rad. Rada vert plassert i området du har valt. Det vert sett inn like mange rader som du har merkt. Innhaldet i dei opphavlege radene vert flytta nedover.

Ikon

Set inn rader

Heile kolonnen

Set inn ei heil kolonne. Det vert set inn like mange kolonnar som det er merkte kolonnar. Innhaldet til dei opphavlege kolonnane vert flytt til høgre.

Ikon

Set inn kolonnar