Slett celler

Slettar dei markerte cellene, kolonnane eller radene fullstendig. Cellene under eller til høgre for dei sletta cellene vil fylle tomrommet. Merk at slettevalet vert lagra og sett opp på nytt neste gong dialogvindauget vert brukt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Ark → Slett celler


Dialogvindauget for å slette celler

Merking

Dette området inneheld innstillingar som bestemmer korleis arka skal visast etter sletting av celler.

Flytt celler opp

Fyller tomrommet frå dei sletta cellene med cellene som ligg nedanfor.

Flytt celler til venstre

Fyller tomrommet frå dei sletta cellene med cellene som ligg til høgre.

Slett heile rader

Etter å ha merkt minst ei celle, kan du sletta heile rada frå arket med denne funksjonen.

Slett heile kolonnar

Etter å ha merkt minst ei celle, kan du sletta heile kolonnen frå arket med denne funksjonen.