Topptekst/botntekst

Definerer eller formaterer ein topptekst eller botntekst for ein sidestil.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Topp- og botntekst → Topp- og botntekst


Venstre område

Skriv inn teksten som skal visast til venstre i toppteksten eller botnteksten.

Midtområdet

Skriv inn teksten som skal visast på midten av toppteksten eller botnteksten.

Høgre område

Skriv inn teksten som skal visast til høgre i toppteksten eller botnteksten.

Topptekst/botntekst

Vel ein førehandsdefinert topptekst eller botntekst frå lista.

Teksteigenskapar

Opnar eit dialogvindauge der du kan formatera ny eller merkt tekst. Dialogvindauget Teksteigenskapar inneheld fanene Skrift, Skrifteffektar og Justering.

Ikon

Teksteigenskapar

Filnamn

Set inn eit filfelt i det valde området. Klikk for å setja inn tittel. Hald knappen inne for å setja inn anten tittelen, filnamnet eller sti/filnamn frå undermenyen. Om du ikkje kan tildela ein tittel (sjå Fil → Eigenskapar), vert filnamnet sett inn i staden.

Ikon

Filnamn

Arknamn

Set inn ein plasshaldar i det valde området av topp- eller botnteksten. Plasshaldaren vert bytt ut med namnet på arket.

Ikon

Arknamn

Side

Set inn ein plasshaldar i det valde området av topp- eller botnteksten. Plasshaldaren vert bytt ut med sidetalet. På denne måten kan du få samanhengande sidenummerering i dokumentet.

Ikon

Side

Sider

Set inn ein plasshaldar for talet på sider i det valde området i topp- eller botnteksten. Plasshaldaren vert byt ut med talet på sider i dokumentet.

Ikon

Sider

Dato

Set inn ein plasshaldar for datofelt i det valde området i topp- eller botnteksten. Plasshaldaren vert bytt ut med datoen på alle dokumentsidene.

Ikon

Dato

Tid

Set inn ein plasshaldar for klokkeslett i det valde området i topp- eller botnteksten. Plasshaldaren vert bytt ut med klokkeslettet på alle dokumentsidene.

Ikon

Tid