Arbeida med VBA-makroar

«Visual Basic for Applications» (VBA) er ei «omsetjing» av Microsoft Visual Basic, som er innebygd i alle programma i Microsoft Office.

Støtta for VBA er ikkje fullstendig, men dekkjer ein stor del av dei mest brukte mønstra. Dei fleste makroane brukar ei oversiktleg undermengd av objekt i EXCEL-API (som område, tabellar, arbeidsmappe osv.) og støtta omfattar desse objekta og dei mest brukte metodane og eigenskapane for desse objekta.

Lasta inn eit Microsoft Office-dokument med køyrbare VBA-makroar

Vel → Last inn/lagra → VBA-eigenskapar og merk av for Køyrbar kode. Last ned eller opna dokumentet.

Køyrbar kode

VBA-kode (Visual Basic for Applications) vert lasta inn og er klar til å køyrast. Viss det ikkje er sett eit merke i denne avkryssingsboksen, vil VBA-koden vera kommentert ut slik at du kan sjå på han, men han vert ikkje køyrd.

Tipsikon

Når VBA-koden er lese inn, set LibreOffice inn uttrykket Option VBASupport 1 i kvar Basic-modul for å slå på avgrensa støtte for VBA-uttrykk, -funksjonar og -objekt. Sjå Innstillingar for VBASupport-uttryk for meir om dette.


Køyra VBA-makroar

Køyr VBA-makroar på same måten som du køyrer LibreOffice Basic-makroar.

Åtvaringsikon

Sidan støtta for VBA ikkje er fullstendig, kan det henda du må redigera VBA-koden og bruka uttrykk og funksjonar frå LibreOffice Basic-objekt for å erstatta dei manglande kodane.


Redigera VBA-makroar

VBA-makroar kan redigerast i LibreOffice Basic IDE.