Makro

Vel makroen som skal køyrast når det vert klikka på den markerte grafikken, ramma eller OLE-objektet. Avhengig av kva objekt som er vald, vert funksjonen funnen anten i fana Makro i dialogvindauget Objekt eller i dialogvindauget Bruk makro.

Hending

Lister hendingane som er relevante for makroane som for tida er i bruk i det valde objektet.

Tabellen omtalar makroane og hendingane som kan lenkjast til objekt i dokumentet:

Hending

Handlingsutløysar

OLE-objekt

Bilete

Ramme

Autotekst

Biletkartområdet

Hyperlenkje

Klikk på objekt

Objektet er markert.

Musa er over objektet

Musa flyttar seg over objektet.

Aktiver hyperlenkje

Det er klikka på hyperlenkja i objektet.

Musepeikaren forlet objektet

Musepeikaren går ut av objektet.

Lastinga av grafikken var vellukka

Vellukka lasting av grafikken.

Lastinga av grafikken vart avbrote

Innlastinga av grafikk er stoppa av brukaren, for eksempel ved nedlasting av ei side.

Feil i innlese grafikk

Lastinga av grafikken var ikkje vellukka, for eksempel at grafikken ikkje vart funnen.

Innskriving av bokstavar

Tekst vert skrive frå tastaturet.

Innskriving av teikn som ikkje er bokstavar

Teikn som ikkje vert skrivne ut vert skrivne inn frå tastaturet, for eksempel tabulator og linjeskift.

Endra storleiken på ramma

Storleiken på ramma vert endra med datamusa.

Flytt ramme

Ramma vert flytt med datamusa.

Før innsetjing av autotekst

Før innstetjing av tekstblokk.

Etter innsetjing av autotekst

Etter innsetjing av tekstblokk.


Makroar

Vel makroen som skal utførast når den valde hendinga skjer.

Rammer gjer at du kan knyta hendingar til ein funksjon og såleis styra om det er funksjonen eller LibreOffice Writer som skal utføra hendinga.

Kategori

Lister ut opne LibreOffice dokument og program. Klikk på namnet på staden der du vil lagra makroane.

Makronamn

Lister dei tilgjengelege makroane. Klikk på makroen som skal brukast i det valde objektet.

Tildel

Tildel den valde makroen til den gjevne hendinga. Oppføringane til dei tildelte vert sett etter hendinga.

Fjern

Fjernar makroen som er tildelt det valde elementet.

Makroval

Vel makroaen som skal brukast.