FormatDateTime-funksjonen [VBA]

Brukar eit dato- og/eller klokkeslettformat på eit datouttrykk og returnerer resultatet som ein streng.

Åtvaringsikon

Denne funksjonen eller konstanten er slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:

FormatDateTime (DateExpression as Date [, NamedFormat as Integer])

Returverdi:

String

Parameterar:

Datouttrykk: Datouttrykket som skal formaterast.

: Ei valfri vbDateTimeFormat-liste som bestemmer formatet som skal brukast på dato- og klokkeslett-uttrykket. Dersom dette vert sløyfa, vert vbGeneralDate brukt.

Dato- og klokkeslettformat (vbDateTimeFormat-listing)

Namngjeven konstant

Verdi

Skildring

vbGeneralDate

0

Viser datoar og/eller klokkeslett slik dei er definerte i generelle datoinnstillingar i systemet. Dersom berre dato, vert ikkje klokkeslett viste. Viss berre klokkeslett, vert ikkje dato vist.

vbLongDate

1

Viser datoen som lang dato slik det er definert i dei lokale innstillingane for datamaskinen.

vbShortDate

2

Viser datoen som kort dato slik det er definert i dei lokale innstillingane for datamaskinen.

vbLongTime

3

Viser klokkeslett slik det er definert i dei lokale innstillingane for lange klokkeslett for datamaskinen.

vbShortTime

4

Viser eit klokkeslett i 24-timars format (hh:mm)


Feilkodar

13 Ukjend datatype

Eksempel:

REM  *****  BASIC  *****

Option VBASupport 1

Sub DateFormat

 Dim d as Date

 d = ("1958-01-29 00:25")

 msgbox("Generelt datoformat : " & FormatDateTime(d))

 msgbox("Langt datoformat : " & FormatDateTime(d,vbLongDate))

 msgbox("Kort datoformat : " & FormatDateTime(d,vbShortDate))

 msgbox("Langt klokkeslettformat : " & FormatDateTime(d,3))

 msgbox("Kort klokkeslettformat : " & FormatDateTime(d,vbShortTime))

End Sub