Rate-funksjonen [VBA]

Returnerer noverdien av ei investering ut frå ein serie faste betalingar.

Åtvaringsikon

Denne funksjonen eller konstanten er slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:

Rate( NPer as Double, Pmt as Double, PV as Double [FV as Variant], [Due as Variant], [Guess as Variant] )

Returverdi:

Double

Parameterar:

NPer er det totale talet på periodar det vert betalt annuitet for.

Avdrag er kor stort kvart avdrag er.

Noverdi er den gjeldande verdien av lånet/investeringa.

FV (valfri) er den framtidige verdien av eit lån eller ei investering.

Forfall (valfri) bestemmer om betalinga skjer først eller sist i perioden.

0 - betalinga er ved slutten av perioden;

1 - betalinga er ved byrjinga av perioden.

Gjetting (valfri) bestemmer den estimerte verdien av renta med sirkulær utrekning.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

REM ***** BASIC *****

Option VBASupport 1

Sub ExampleRate

' Reknar ut renta som må brukast for å betala eit lån på 100.000 kr. over

' 6 år med betaling av 1.500 kr. ved slutten av kvar månad.

 Dim mRate As Double

 mRate = Rate( 72, -1500, 100000 )

 print mRate' mRate er rekna ut til å verta 0,00213778025343334

End sub