PV-funksjonen [VBA]

Returnerer noverdien av ei investering ut frå ein serie faste betalingar.

Åtvaringsikon

Denne funksjonen eller konstanten er slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:

Pmt( Rate as Double, NPer as Double, Pmt as Double, [FV as Variant], [Due as Variant] )

Returverdi:

Double

Parameterar:

Rente er den periodiske rentesatsen.

NPer er det totale talet på periodar det vert betalt annuitet for.

Avdrag er kor stort kvart avdrag er.

FV (valfri) er den framtidige verdien av eit lån eller ei investering.

Forfall (valfri) bestemmer om betalinga skjer først eller sist i perioden.

0 - betalinga er ved slutten av perioden;

1 - betalinga er ved byrjinga av perioden.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

REM ***** BASIC *****

Option VBASupport 1

Sub ExamplePV

' Reknar ut noverdien av ein pensjon som betalar 1.000 kr. i månaden over 6 år.

' Renta er 10 % per år med betaling i slutten av månaden.

Dim pv1 As Double

pv1 = PV( 0.1/12, 72, -1000 )

print pv1 ' pv1 er rekna ut til å verta 53978.6654781073.

End Sub