NPer-funksjonen [VBA]

Returnerer talet på periodar for ei investering eller eit lån.

Åtvaringsikon

Denne funksjonen eller konstanten er slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:

NPer (Rate as Double, Pmt as Double, PV as Double, [FV as Variant], [Due as Variant])

Returverdi:

Double

Parameterar:

Rente er den periodiske rentesatsen.

Betaling er dei faste avdraga betalt per periode.

Noverdi er den noverande kontantverdien av investeringa.

FV (valfri) er den framtidige verdien av eit lån eller ei investering.

Type (valfri) bestemmer om betalinga skjer først eller sist i perioden.

0 - betalinga er ved slutten av perioden;

1 - betalinga er ved byrjinga av perioden.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

REM ***** BASIC *****

Option VBASupport 1

Sub ExampleNPer

 Dim period As Double

 period = NPer( 0.06, 153.75, 2600)

 Print period ' returnerer -12,02. Betalingsperioden går over 12,02 periodar.

End Sub