DDB-funksjonen [VBA]

Reknar ut avskrivinga av ein verdigjenstand for ein bestemt periode ved hjelp av aritmetisk-degressiv avskriving.

Åtvaringsikon

Denne funksjonen eller konstanten er slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:

DDB(Cost As Double, Salvage As Double, Life as Double, Period as Double, [Factor as Variant])

Returverdi:

Double

Parameterar:

Kjøpspris er startkostnadane.

Restverdi er verdien av eit aktiva ved slutten av levetida for det.

Levetid er talet på periodar (for eksempel år eller månadar) som viser kor lenge ein reknar med at aktivet er i bruk.

Periode er perioden verdien skal reknast ut for.

Faktor (valfri) er den faktoren som avskrivinga minkar med. Dersom det ikkje vert skrive noko her, vert standardfaktoren 2 brukt.

Bruk denne forma for avskriving dersom du treng ein høgare start-avskrivingsverdi i motsetnad til lineær avskriving. Avskrivingsverdien vert mindre for kvar periode. Denne avskrivingsforma vert til vanleg brukt for eigedelar der verditapet er høgast like etter innkjøpet (for eksempel, køyretøy, datamaskiner). Merk at den bokførte verdien aldri vil nå null ved denne berekningstypen.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleDDB

 Dim ddb_yr1 As Double

 ddb_yr1 = DDB(75000,1,60,12,2)

 Print ddb_yr1 ' returnerer 1.721,81 valutaeiningar.

End Sub