Shell-funksjonen

Byrjar eit nytt program og definerer vindaugestilen om nødvendig.

Syntaks

Shell (Stinamn As String[, Vindaugestil As Integer][, Parameter As String][, bSync])

Parameter

Stinamn

Fullstendig sti- og programnamn for programmet du vil starta.

Vindaugestil

Valfritt heiltalsuttrykk som bestemmer stilen for vindauget programmet køyrer i. Desse verdiane er moglege:

0

Fokuset er på det gøymde programvindauget.

1

Fokuset er på programvindauget i standard storleik.

2

Fokuset er på det forminska programvindauget.

3

Fokuset er på det maksimaliserte programvindauget.

4

Standardstorleik på programvindauget, utan fokus.

6

Forminska programvindauge, fokus på det aktive vindauget.

10

Fullskjermvising


Parameter

Eit strenguttrykk som bestemmer kommandolinja som skal brukast.

bSync

Viss denne verdien er sett til SANN, vil Shell-kommandoen og alle programkøyringar i LibreOffice vente til shell-prosessen er ferdig. Viss verdien er sett til USANN, vil shell returnere direkte. Standardverdien er USANN.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

53 Fann ikkje fila

73 Ikkje lagt inn

Eksempel

Sub ExampleShellForWin

    Shell("c:\windows\calc.exe",2)

End Sub