Andre kommandoar

Dette er ei liste over funksjonar og uttrykk som ikkje er tatt med i dei andre kategoriane.

Beep-uttrykket

Spelar av ei tone gjennom høgtalaren i datamaskinen. Tona er systemavhengig og kan ikkje endrast på nokon måte.

Shell-funksjonen

Byrjar eit nytt program og definerer vindaugestilen om nødvendig.

Wait-uttrykket

Avbryt programutføringa i så mange millisekund som oppgjeve.

GetSystemTicks-funksjonen

Returnerer talet på «system-ticks». Denne funksjonen kan brukast for å optimalisera ulike prosessar.

Environ-funksjonen

Returnerer verdiane av ein miljøvariabel som ein streng. Miljøvariablane er avhengige av kva operativsystem som er i bruk.

GetSolarVersion-funksjonen

Returnerer det interne nummeret for den gjeldande LibreOffice-versjonen.

GetGuiType-funksjonen

Returnerer ein nummerisk verdi som spesifiserer det grafiske brukargrensesnittet.

TwipsPerPixelX-funksjonen

Returnerer talet på «twips», som viser breidda på ein piksel.

TwipsPerPixelY-funksjonen

Returnerer talet på «twips», som viser høgda på ein piksel.

CreateUnoStruct-funksjonen

Creates an instance of a Uno structure type.

CreateUnoService-funksjonen

Instansierer ein UNO-service med ProcessServiceManager.

GetProcessServiceManager-funksjonen

Returnerer ProcessServiceManager (central Uno ServiceManager).

CreateUnoDialog-funksjonen

Lager eit Basic Uno-objekt som representerr ein Uno-dialogkontroll under køyring av Basic.

CreateUnoListener-funksjonen

Lagar ein lyttarinstans

CreateUnoValue-funksjonen

Returnerer eit objekt som inneheld ein nøyaktig innskrive verdi som refererer til typesystemet Uno.

CreateObject-funksjonen

Lagar eit UNO-objekt. Kan i Windows også laga OLE-objekt.

Denne metoden lagar førekomstar av typen som vert sendt som parameter.

GetDefaultContext-funksjonen

Returnerer standardsamanhengen for prosesstenestefabrikken viss denne finst, elles ein nullreferanse.

ThisComponent-uttrykket

Adresserar den aktive komponenten slik at eigenskapane for denne kan lesast og setjast. ThisComponent vert brukt frå det dokumentet som Basic er brukt i. Kva type objekt som vert kalla opp av ThisComponent er avhengig av dokumenttypen.

GlobalScope

Kjeldekodene og dialogane i Basic er organiserte i biblioteksystem.