InStrRev-funksjonen [VBA]

Returnerer plasseringa av ein streng inne i ein annan streng, rekna frå høgre side av strengen.

Åtvaringsikon

Denne funksjonen eller konstanten er slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


InStrRev-funksjonen returnerer plasseringa, frå høgre side, der det var samsvar. Viss strengen ikkje vert funnen, returnerer funksjonen 0.

Syntaks:

InStrRev (Tekst1 As String, Tekst2 As String [,Start As Long] [, Samanlikn As Integer])

Returverdi:

Long

Parameterar:

Tekst1: Strenguttrykket du ønskjer å søka i.

Tekst2: Streng-uttrykket det skal søkjast etter.

Start: Valfritt. Eit numerisk uttrykk som markerer plasseringa frå venstre i strengen søket skal byrja frå. Viss du sløyfer denne parameteren, vil søket byrja frå det første teiknet i strengen. Den høgste tillatne verdien er 65535.

Samanlikn: Valfritt. Taluttrykk som definerer samanlikningstype. Uttrykket kan vera

1: Standardverdien 1 gjev ei tekstsamanlikning som ikkje skil mellom små og store bokstavar.

0: Verdien 0 gjev ei binær samanlikning som skil mellom små og store bokstavar.

For å unngå køyretidsfeil, må du ikkje setja samanlikningstype viss den første returparameteren ikkje er sett.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExamplePosition

Dim sInput As String

Dim iPos As Integer

 sInput = "Den nye boka ligg på bordet"

 iPos = InStrRev(sInput,"den",10,1) ' Returnerer 1, søket skil mellom små og store bokstavar

 Print iPos 

 iPos = InStrRev(sInput,"den",10,0) ' Returnerer 0, søket skil mellom små og store bokstavar

 Print iPos

End Sub