InStr-funksjonen

Returnerer plasseringa av ein streng inne i ein annan streng.

InStr-funksjonen returnerer plasseringa der det var samsvar. Viss strengen ikkje vert funnen, vil funksjonen returnera 0.

Syntaks:

InStr ([Start As Long,] Tekst1 As String, Tekst2 As String[, type])

Returverdi:

Heiltal

Parametrar:

Start: Eit numerisk uttrykk som markerer plasseringa i strenge søket skal byrja frå. Viss du sløyfer denne parameteren, vil søket byrja frå det første teiknet i strengen. Den høgste verdien Start kan ha er 65535.

Tekst1: Strenguttrykket du ønskjer å søka i.

Tekst2: Streng-uttrykket det skal søkjast etter.

Type: Valfritt numerisk uttrykk som bestemmer type samanlikning. Verdien kan vera 0 eller 1, med 1 som standard. Er Type sett til 1, vil tekstsamanlikninga ikkje skilje mellom små og store bokstavar. Sett til 0, vil søket skilje mellom små og store bokstavar.

For å unngå køyretidsfeil, må du ikkje setja Type viss den første returparameteren ikkje er sett.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExamplePosition

Dim sInput As String

Dim iPos As Integer

    sInput = "Office"

    iPos = Instr(sInput,"c")

    Print iPos

End Sub