Mid-funksjonen, Mid-uttrykket

Returnerer den oppgjevne delen av eit strenguttrykk (Mid-funksjonen) eller byter ut ein del av eit strenguttrykk med ein annan streng (Mid-uttrykket).

Syntaks:

Mid (Tekst As String, Start As Long [, Lengd As Long]) or Mid (Tekst As String, Start As Long , Lengd As Long, Tekst As String)

Returverdi:

Streng (berre med funksjon)

Parametrar:

Tekst: Strenguttrykket som skal endrast.

Start: Numerisk uttrykk som viser teiknplasseringa inne i strengen der strengdelen som skal bytast ut eller kopierast byrjar. Den høgaste tillatne verdien er 65 535.

Lengd: Numerisk uttrykk som returnerer talet på teikn som skal bytast ut eller returnerast. Den høgaste tillatne verdien er 65 535.

Viss Lengd-parameteren i Mid-funksjonen ikkje vert brukt, vert alle tekna i strenguttrykket frå startplasseringa til slutten av strengen returnerte.

Viss Lengd-parameteren i Mid-futtrykket er mindre enn lengda av teksten som skal bytast ut, vert teksten redusert til den oppgjevne lengda.

Tekst: Strengen som skal erstatta strenguttrykket (Mid-uttrykket).

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleUSDate

Dim sInput As String

Dim sUS_date As String

    sInput = InputBox("Skriv inn ein dato i det internasjonale formatet 'ÅÅÅÅ-MM-DD'")

    sUS_date = Mid(sInput, 6, 2)

    sUS_date = sUS_date & "/"

    sUS_date = sUS_date & Right(sInput, 2)

    sUS_date = sUS_date & "/"

    sUS_date = sUS_date & Left(sInput, 4)

    MsgBox sUS_date

End Sub