Format-funksjonen

Konverterer eit tal til ein streng og formaterer det i høve til det spesifiserte formatet.

Syntaks:

Format (Tal [, Format As String])

Returverdi:

Streng

Parametrar:

Tal: Eit numerisk uttrykk du vil omforma til ein formatert streng.

Format: Streng som bestemmer formatkoden for talet. Viss Format er sløyfa, vil format-funksjonen verka på same måten som Str-funksjonen.

Formateringskoder

Lista viser kodane som kan nyttast for å formatera eit tal:

0: Viss NTal har eit siffer der 0 er plassert i formatkoden, vert sifferet visdt, elles vert det vis ein 0.

Viss Tal har færre siffer enn talet på nullar i formatkoden, (på den andre sida av desimalteiknet), vert leiande eller avsluttande nullar viste. Viss talet har fleire siffer til venstre for desimalteiknet enn formatkoden har, vert dei overskytande sifra viste utan formatering.

Desimalplassar i talet vert avrunda i høve til talet på nullar som kjem etter desimalteiknet i Format-koden.

#: Viss Tal inneheld eit siffer i same plasseringa som plasshaldaren # i Format-koden vert sifferet vist, elles vert ingenting vist i denne plasseringa.

Dette symbolet verkar på same måten som 0, utanom at leiande og avsluttande nullar ikkje vert viste viss det er fleire #-teikn i formatkoden enn siffer i talet. Berre dei relevante sifra i talet vert viste.

.: Plasshaldaren for desimalteiknet bestemmer talet på desimalplassar til høgre og venstre for desimalteiknet.

Viss formatkoden inneheld berre #-plasshaldarar til venstre for dette symbolet, vil tal mindre enn 1 byrja med desimalteiknet. For alltid å visa ein leiande null ved desimaltal, bruk 0 som plasshaldar på den første plassen framføre desimalteiknet.

%: Multipliser talet med 100 og set inn prosentteiknet (%) der talet opptrer i formatkoden.

E- E+ e- e+ : Viss formatkoden inneheld minst ein plasshaldar for siffer (0 eller #) til høgre for symbolet E-, E+, e-, eller e+, vert talet formatert vitskapleg i eksponentialform. Bokstaven E eller e vert set inn mellom talet og eksponentetn. Talet på sifferplasshaldarar til høgre for symbolet bestemmer talet på siffer i eksponenten.

Viss eksponenten er negativ, vert eit minusteikn (-) vist direkte framføre eksponenten med E-, E+, e-, e+. Viss eksponenten er positiv, vert plussteiknet vist berre framføre eksponentar med E+ eller e+.

Tusenskiljeteiknet vert vist viss formatkoden inneheld skiljeteiknet omgjeve av talplasshaldarar (0 eller #).

Bruk av punktum som tusenskilje eller desimalteikn er avhengig av dei lokale innstillingane. Når du skriv inn eit tal direkte i BASIC kjeldekode, må du bruka punktum som desimalskiljeteikn. Kva teikn som vert vist som desimalteikn er derimot avhengig av talformatet sett i systeminnstillingane.

- + $ ( ) mellomrom: A pluss (+), minus (-), dollar ($), mellomrom, eller parentesar skrivne direkte i formatkoden, vert viste som bokstavteikn.

For å kunna visa andre teikn enn dei som er lista her, må du setja ein bakoverstrek (\) framføre dei eller setja dei i doble hermeteikn (" ").

\ : Bakoverstreken viser det neste teiknet i formatkoden.

Teikn i formatkoden med ei spesiell meining kan berre visast som bokstavteikn viss dei har ein bakoverstrek framføre seg. Bakoverstreken vert ikkje vist. For å visa bakoverstrek må du skriva ein bakoverstrek framføre i formatkoden (\\).

Teikna som må ha ein bakoverstrek framføre seg for å verta viste som bokstavteikn, er formateringsteikna for dato og klokkeslett (a, c, d, h, m, n, p, q, s, t, w, y, /, :), numeriske formateringsteikn (#, 0, %, E, e, komma, punktum) og strengformateringsteikna (@, &, <, >, !).

Du kan også bruka følgjande førehandsdefinerte talformat. Med unnatak av "Generelle tal" returnerer alle dei førehandsdefinerte formatkodene talet som eit desimaltal med to desimalar.

Viss du brukar førehandsdefinerte format, må namnet på formatet skrivast mellom doble hermeteikn ("").

Førehandsdefinerte format

Generelle tal: Tala vert viste slik dei er skrivne inn.

Valuta: Set inn eit dollarteikn framføre talet og set negative tal i parentes.

Fixed: Viser minst eitt tal framføre desimalteiknet.

Standard: Viser talet med tusenskiljeteikn.

Prosent: Multipliserer talet med 100 og legg til prosentteiknet.

Vitskapleg: Viser talet i vitskapleg notasjon (for eksempel 1.00E+03 for 1000).

Ein formatkode kan delast opp i tre delar skilde med semikolon. Den første delen definerer formatet for positive verdiar, den andre delen for negative verdiar og den tredje parten for null. Viss du brukar berre éin formatkode, vert denne brukt på alle tal.

Dei lokale innstillingane som styrer formateringa av tal, datoar og valuta i LibreOffice Basic vert sette i → Språkinnstillingar → Språk. I Basic-formatkodar vert alltid punktum (.) brukt som plasshaldar for desimalskiljeteiknet som er definert lokalt. Punktumet vert erstatta med det aktuelle skiljeteiknet.

Det same gjeld for dei lokale innstillingane for dato-, tid- og valuta-format. Basic-formatet vil verta tolka og vist i høve til dei lokale språkinnstillingane.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleFormat

    MsgBox Format(6328.2, "##,##0.00")

    ' bruk alltid punktum som desimalskiljeteikn når du skriv inn eit tal i Basic kjeldekode.

    ' kan for eksempel visa 6,328.20 i engelsk oppsett og 6.328,20 i norsk oppsett.

End Sub